Det seier Bondelagsleiar Nils T. Bjørke etter at det vart kjend at forhandlingane om eit forlik om den nye Stortingsmeldinga om mat- og landbukspolitikken mellom KrF og regjeringa har brote saman.
- Det har vore ei klar forventning om at regjeringas framlegg til landbruks- og matmelding ikkje skulle være eit ultimatum overfor Stortinget. Rett nok er det slik at ei fleirtalsregjering ikkje treng støtte frå dei andre partia på Stortinget, men det hadde vore ein stor fordel om regjeringa hadde lagt opp til eit breiare forlik. Det ville gitt eit betre grunnlag for satsing i næringa. Me meinar at KrFs innspel til regjeringa hadde styrka meldinga, seier Bjørke.
- No er det opp til opposisjonspartia å markere vilje til å satse på landbruket framover i behandlinga i Stortinget. Uavhengig av om det vart eit forlik eller ikkje, meinar vi at meldinga legg opp til eit lyft for landbruket i årets jordbruksforhandlingar. Forhandlingane til våren vert syretesten på regjeringas vilje til å fylgje opp sine eigne målsettingar strekar Bjørke under.
Bondelagets temaside landbruks- og matmeldinga
Kontaktperson i Norges Bondelag: Nils T. Bjørke
