Landbruksbarometeret 2015 er ei undersøking gjennomført blant norske gardbrukarar, for ei gje eit bilete av utvikling og trendar i norsk landbruk. Landbruksbarometeret kom ut for første gong i 2014.  Årets undersøking vart lagt fram av Agri Analysefor eit par  veker sidan.

82 prosent av dei spurte seier at dei trivst godt med å vere bonde.

1 av 10 fornøgd med jordbruksoppgjeret i fjor

Eitt av spørsmåla i undersøkinga viser ei markant endring frå 2014 til 2015. Det er spørsmålet ”Hvor enig eller uenig er du i at bøndene har grunn til å være fornøyd med jordbruksoppgjøret sist vår?” I 2014 var to av tre einige eller heilt einige i at det var grunn til å vere fornøgde med oppgjeret (i 2013), mens andelen sank i 2015. Berre 1 av 10 var einig eller heilt einig i at det var grunn til å vere fornøgd med oppgjeret i 2014.

Halvparten av dei spurte er heilt eller delvis ueninig i påstanden om at norsk landbrukspolitikk er føreseieleg.

Artikkelen held fram under biletet.

I 2014 vart det brot i jordbruksforhandlingqne. Her frå demonstrasjonstoget i Oslo.

Ulik forteneste ulike stader i landet

Lønnsemda i næringa er eit av temaa som blir undersøkt i Landbruksbarometeret. I 2015 seier nær halvparten av gardbrukarane at lønnsemda på garden deira er ganske bra (46 prosent) eller veldig bra (2 prosent). Det er noko betre enn i 2014, då 38 prosent svarte ganske bra og 2 prosent veldig bra.

Den andre halvparten er ikkje seier at lønnsemda på garden er veldig dårleg (8 prosent) eller ganske dårleg (40 prosent), mot 58 prosent til saman i fjor. Agri Analyse forklarar dette oppsvinget med ein betre fôr- og kornhaust i 2014 enn i 2013 samt virkningane av det gode jordbruksoppgjeret i 2013.

Det er store geografiske forskjellar på svara. Gardbrukarane i Rogaland og Trøndelag er dei som vurderer lønnsemda som best. I den andre enden av skalaen finn vi gardbrukarar i Nord-Noreg, Telemark og Agder-fylka, og på Vestlandet. Dei fylka som er minst fornøgd med fortenesta er også dei fylka der mest matjord går ut av drift.

Arbeider meir enn 2000 timar i året

Det er også stort sprik i korleis dei ulike produksjonane vurderer lønnsemda si. Slaktegris- og egg og fjørfe-produsentane er mest fornøgd med lønnsemda, mens korn- og sauebøndene er mest misfornøgde.

Kor mange timar arbeider du sjølv på gardsbruket i løpet av eitt år? Fire av ti gardbrukarar svarer at dei jobbar 2000 timar eller meir på garden i løpet av eitt år. Eitt årsverk er til samanlikning 1750 timar.

Landbruksbarometeret er utarbeidd på bakgrunn av undersøkingar gjennomført av AgriAnalyse blant norske gardbrukarar i februar og mars 2015. 1184 personar har svart. Norges Bondelag, Landkreditt Bank, Felleskjøpet Agri og Innovasjon Norge står bak landbruksbarometeret.