Det sa medlem i det Europeiske Parlamentet, Maireed McGuinnes ved lanseringa i EU-parlamentet av ein ny rapport om takling av maktubalansen i verdikjeda for mat.

- Det er noko som luktar rottent, og det er ikkje maten. Ein kan trekke parallellar til banksektoren. Der måtte vi få på plass regulering etter finanskrisa, sa McGuinnes, som peika på at det ikkje er ein motsetnad mellom langsiktige forbrukarinteresser og bøndene sine interesser. 
- Prisane må vere anstendige og ta omsyn til  berekraft, rettferd og moral, sa McGuinnes og viste til den umoralske Tesco-saka. Denne veka vart det kjent at den britiske daglegvaregiganten Tesco bøtela leverandørar og la det inn som overskot i bedrifta.

EU-parlamentsmedlem Maireed McGuinness meiner bøndene må få ein anstendig pris for varene sine, og at dette også tener dei langsiktige forbrukarinteressene.


Går for sakte i EU

McGuinnes frå Irland og dei konservative i EU-parlamentet har engasjert seg sterkt i EU-debatten om dårleg handelsskikk i verdikjeda for mat. EU har enno ikkje innført eit felles bindande regelverk for å takle uheldig handelspraksis, trass i sterkt press frå m.a. bønder og samvirkeorganisasjonar. Dei vil vente og sjå om det frivillige regelverket fungerer.
- Det går framover, men ikkje fort nok, sa McGuinness . 

Også representanten frå EU-kommisjonen måtte innrømme at dei framleis hadde eit arbeid framfor seg for å få ein betre fungerande verdikjede for mat i EU.
- Vi har sannsynlegvis ikkje gjort nok, sa Claire Byrd frå generaldirektoratet for den indre marknaden i EU, men peika på at viktigaste jobben måtte gjerast på nasjonalstatsnivå. Fleire av EU-medlemslanda har allereie innført ulike typar lover om god handelsskikk, nokon med kombinasjon av frivilligheit og regelverk.

- Systemet må ha konfidensialitet og etterforskingsmoglegheiter for å kunne fungere, sa Byrd, som håpa den nye kommissæren ville følgje opp arbeidet.
Det er nettopp mangelen på anonymitet og sanksjonsmoglegheiter som gjer at COPA-COGECA, EU-bøndene og samvirka sin organisasjon, ikkje ville delta i EUs frivillige ordning.
- Eg håpar EU kan lære av det britiske systemet. Vi prøvde lenge eit frivillig system, men det fungerte ikkje, sa Adam Bedford frå det britiske bondelaget NFU og COPA-COGECA.


Bondeorganisering løysinga

Rapporten som vart presentert i møtet er utarbeidd av ulike organisasjonar som jobbar for rettferdig handel med land i sør. Fleire tilrådingar blir lagt fram for å få til ein betre maktbalanse i verdkjeda for mat:
- Styrke organisasjonskapasiteten til produsentar og arbeidarar
- Meir openheit om prisdanninga
- Fornye konkurranselova ved å styrke nøytralitetsprinsippet
- Få på plass eit sanksjonssystem mot dårleg handelsskikk
- Fremje prinsipp for rettferdig handel i verdikjeda for mat

- Endring i maktstrukturen i verdikjeda for mat er no så påfallande og konsekvensane så klare at ein ikkje lenger kan ignorere det. Maktforholda i verdikjeda for mat har lenge vore eit tabu. Denne rapporten fyller eit hol. Viss ein fylgjer desse råda vil handelen bli meir rettferdig, seier Olivier de Schutter, som også deltok under presentasjonen av rapporten. Han har nyleg gått av som FNs spesialrapportør på retten til mat.
Bilettekst: EU-parlamentsmedlem Maireed McGuinness meiner bøndene må få ein anstendig pris for varene sine, og at dette også tener dei langsiktige forbrukarinteressene.