Dei nye gardskarta inneheld ikkje slike opplysningar, og da kan kunnskapen om dei på sikt gå i glømmeboka, til dømes om beiterettar i skog og fjell.
Telemark Bondelag har frå før tatt opp saka gjennom juridisk avdeling i Norges Bondelag, og advokatane på avdelinga skreiv for snart eit år sidan til kartverket og ba om at bruksrettar - "servitutt" - bør framgå av den såkalla matrikkelen, som inneheld opplysningar om eigedommane.
I sitt svar til Norges Bondelag frå i fjor haust viste Kartverket til matrikkelen i dag ikkje omfattar servitutt, men at ein gjennomgang av temaet bruksrettar og matrikkelen skal skje i ein rapport som etter planen skulle vere klar i løpet av 2011.
Nå etter at snart ein tredel av 2012 er gått, er det framleis ikkje kome noko konklusjon eller anna svar frå Kartverket. Telemark Bondelag følgjer difor saka opp ved å sende eit eige brev, der ein bed om svar på på kva som er gjort så langt i saka frå Kartverkets side.
