Illustrasjonsbilde fra Sør-Fron, foto: Eivind Bergseth, Norsk Landbruksrådgiving.Det krev Norges Bondelag i eit brev til Landbruks-og matdepartementet. - For dei som vert råka av naturskade og også ut i frå samfunnsøkonomiske omsyn, er det svært viktig at skadane vert utbetra så fort som råd, skriv Bondelaget.

Sakshandsaming - tre-fire år

Det var i 2009 av departementet la fram eit forslag til "ny lov om sikring mot og erstatning for naturskade." I januar 2010 svara Bondelaget at  "det er positivt med ei modernisering av naturskadelova, der ein mellom anna søkjer å finna eit betre system for handsaming av søknadene."

Den gong skisserte Bondelaget òg eit system der naturskade, i alle fall i klageomgangen, skal handsamast i jordskifterettane.

 

Tek for lang tid

Dei siste åra har monge vorte råka av naturskader, skriv Bodnelaget og peikar på flaumen på Austlandet i 2011, i Troms i 2012 og at delar av Austlandet igjen er hardt råka.

- Erfaringane frå desse hendingane er at verdsettinga av skadene tek for lang tid, mange har til dømes enno ikkje fått erstatning for skadane dei fekk i 2011. Det har kome fram, skriv Bondelaget, - at lensmannsdistrikt som var hardt råka av flaumen, ikkje har fått ekstra ressursar for å kunne handsama alle dei ekstra sakene. Dette har ført til store restansar og at sakar ikkje kjem vidare i systemet.

Det hastar

-Det hastar no med å få på plass eit nytt og betre system for handsaming av naturskadesakene, strekar Bondelaget under.

Tak på eigenandel

Norges Bondelag peiker samstundes på at Stortinget etter flaumen i 1995 sette eit maksimumstak på eigenandelen for dei skadelidne til 50.000,- kroner.

Eigenandelen er endra fleire gonger siden flaumen i 1995, og då til vesentlig ugunst for den skadelidne; fastbeløpet er sett opp til 10.000,- kroner og maksimumsbeløpet er fjerna.

Eigenandelar i samsvar med Stortinget sitt syn

- Dette gjer at dei skadelidne må bera svært store eigenandeler ved store naturskader. Vi kan ikkje sjå gode argument for endringane til ugunst for dei skadelidne, skriv Bondelaget som krav at eienandelen blir fastsett i samsvar med Stortinget sitt syn i 1995.

Leigejord

For bønder som leiger mange mindre eiegdomer, er det òg naudsynt at det ikkje blir berekna ein eigeandel for kvar eiegedom, meiner Bondelaget. I mange høve vil ikkje naturskade verte oppretta dersom leigetakar ikkje tek kostnadene sjølv.

Kontaktperson i Norges Bondelag: Nils T. Bjørke