Søk

Du er her:

JUS: Gjerdeskjønn etter grannegjerdelova

Publisert 10.07.2012

Grannegjerdelova kan nyttast også mellom ein eigar og nokon som har ein bruksrett på eigedomen.

Illustrasjonsfoto: Ida Marie Ruud.- For at grannegjerdelova skal gjelda må det likevel vera tale om ein bruksrett som gjev innehavaren noko nær det same rådveldet over det aktuelle området som ein eigar har, til dømes ein beiterett. Då ankeutvalet i Høyesterett handsama ein slik sak,  kom til at ein bruksrett til veg er ein mykje meir avgrensa rett og at granngjerdelova ikkje gjeld.

-Grannegjerdelova gjeld uansett berre når ikkje anna fylgjer av serlege rettshøve, til dømes avtale, uskiftingsdokument, skulddelingsforretningar o.l.. Lova gjeld heller ikkje gjerdehald ved offentleg veg og jarnbane, strekar advokat Sissel Fykse under i artikkelen: "Kan den som har ein vegrett krevja gjerdeskjønn etter grannegjerdelova?"

Artikkelen er en del i serien "Jus i landbruket" som tidligere har stått på trykk i Bondebladet.

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning