Søk

Du er her:

Ikkje jakt med pil og boge nå

Publisert 19.06.2012

Miljøverndepartementet opnar ikkje for ei prøvejaktordning for bogejakt.

Illustrasjonsfoto fra USA: Norges Buejegerforbund.Miljøverndepartementet meiner at ei prøvejaktordning ikkje gjev svar på viktige dyreetiske spørsmål. Direktoratet for naturforvaltning har derfor fått i oppdrag å utrede dette nærmare.

- Til tross for at ein har funne pilspissar heilt tilbake frå steinalderen er bogejakt med dagens moderne utstyr å rekne som ein ny jaktform i Noreg. Eg er opptatt av at vi må stille dei same krava til human jaktutøving til denne jaktforma som til andre jaktformer. Difor treng vi meir kunnskap, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

I februar 2011 sendte Norges Buejegerforbund, i samarbeid med Norges Bondelag, Norges Skogeierforbund, NORSKOG og Norges jeger- og fiskerforbund, ein søknad om å få gjennomføre eit treårig prøveprosjekt med å bruke pil og boge til jakt. Prosjektet inneberer utprøving av bogejakt i utvalte regionar, men også kvalitetssikring av opplærings – og kvalifiseringsprosessar for bogejegarar.

Kilde: Miljøverndepartementet

Les også: Sammen om prøveprosjekt jakt med pil og bue

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning