Kari Redse Håskjold, Evelyn Nguleka og Kristin Ianssen under generalforsamlinga i WFO i Milano.Nguleka har allereie fungert som president sidan Peter Kendall frå Storbritannia trakk seg som president sist haust. Med seg i styret har ho ein representant frå kvar verdsdel. Piet Vantemsche frå Belgia representerer Europa i styret.

World Farmers´ Organisation har no rundt 70 medlemmer frå alle kontinent. Frå Noreg er Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke medlemmer. Rundt 45 medlemmer var representert på årets generalforsamling. Møtet vart opna med helsing frå FNs generalsekretær Ban Ki Moon. Også Paven og den italienske landbruksministeren helsa til møtet.

Det vart i år oppretta arbeidsgrupper på matsikkerheit, matkjede, klima og husdyr. Desse gruppene skal følgje temaet og utvikle ny politikk på området. I gruppene sit det to personar frå kvar verdsdel.

Generalforsamlinga var lagt til Milano, der årets verdsutstilling har som tema: Brødfø verda, energi for livet. Ein heil dag var sett av til temaet under møtet. Det vart også lagt fram ein resolusjon med dette som tema. Dagen før generalforsamlinga var det temamøte på klima, innovasjon og kompetansebygging. Nestleiar Kristin Ianssen frå Norges Bondelag heldt innlegg under klimamøtet.

Les meir om WFO på nettsida

Neste generalforsamling i WFO blir i Zambia i april 2016.