- Dei får prisen for å ha satsa på økologiske varer over tid og for at dei gjer økologiske varer tilgjengelege over heile landet, seier Anne Berit Løset, landbruksdirektør i Møre og Romsdal.

Prisen blir delt ut på Den Norske Matfestivalen i Ålesund torsdag 28. august.

- Nasjonalt har vi sett oss mål om å auke produksjon og forbruk av økologiske varer til 15 prosent innan 2020.  Dette er eit stort løft, og vi treng tydelege lokomotiv som kan gå fremst i dette arbeidet.  Årets prisvinnar er eit godt eksempel på det, seier Løset vidare.

Bondelaget ønskjer samarbeid

- Det er flott at prisen for årets økoleverandør blir delt ut og at det blir sett fokus på ei av dei store daglegvarekjedene som har halde på lengst med nettopp økologiske vareliner, seier rådgjevar i Norges Bondelag, Kari Marte Sjøvik. Ho er til stades på Den Norske Matfestivalen.

  • Eg håpar prisen kan vere med på å rette meir merksemd mot tilgang, synlegheit og etterspurnad etter norske økologiske råvarer. Bondelaget håpar også å kunne få til eit samarbeid med Coop på dette, seier Sjøvik.

Grunngjevinga frå juryen

Prisen «Årets leverandør av økologiske produkt» skal bidra til å løfte fram aktørar som utmerkar seg i satsinga på økologiske varer. At det er ein av gigantane i daglegvarebransjen som får prisen, grunngjev juryen slik:

• COOP er ein stabil leverandør som har satsa over tid, og som gjer det enkelt å finne økologiske produkt i heile landet, også på små stader i distrikta.
• COOP har eiga synleg, økologisk merkevare.
• Dei sel økologisk lokalmat frå produsentar i dei ulike regionane, som til dømes frukt, grønnsaker og ost.
• Butikkane har tilbod og kampanjar på økologiske varer, noko ein sjeldan ser elles.
• COOP fortener påskjønning for at dei har så godt utvalg og satsar på økologi.

Prisen for Årets leverandør av økologiske produkt blir i år delt ut for tiande gong.  Det er Den Norske Matfestivalen, Bioforsk økologisk og Fylkesmannen i Møre og Romsdal som står bak prisen.