Bjørn Gimming la vekt på behovet for å involvere bøndene for å nå tusenårsmåla då han heldt innlegg for WFO i FNs matsikkerheitskomite denne veka.Kvart år samlar FNs komite for matsikkerheit, CFS, regjeringsrepresentantar frå heile verda til diskusjonar om matsikkerheit i Roma. Komiteen ligg under FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO. Også frivillige organisasjonar, privat næringsliv og bondeorganisasjonar får tildelt taletid.

Nestleiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag talte på vegner av World Farmers` Organisation under programposten "State of Food Insecurity in the World and the 2030 Agenda". Gimming vektla bøndene si viktige rolle i å oppnå matsikkerheitsmåla i FN.

- Bønder kan og vil bidra

- Bønder har nøkkelen i den globale kampen mot svolt og underernæring. Difor må bøndene bli involvert i prosessen med å definere indikatorar for å måle framgangen mot tusenårsmåla. Vi bønder kan og vil bidra til dette, sa Gimming til plenumsforsamlinga i FNs matsikkerheitskomite.

World Farmers` Organisation (WFO), der Norges Bondelag er medlem, har nyleg oppnådd observatørstatus i CFS sitt rådgjevande organ, og får dermed taletid i plenumsdebatten.

Det var også ein interessant debatt på slutten av plenumssamlinga om ein skulle ta opp den store konsentrasjonen av landbruksselskap på verdsbasis. Sivilsamfunnsorganisasjonane tok det opp, men mange av medlemslanda ville ikkje diskutere temaet.

- Husdyrsektoren bidrar til berekraftig utvikling

WFO arrangerte også fleire møte parallelt med plenumsmøta, mellom anna eit møte om husdyrsektoren sitt bidrag til ei berekraftig utvikling. Under møtet vart det mellom anna peika på husdyra si viktige rolle for matsikkerheit og utvikling på bygda, særleg for land i sør.

- 1 milliard menneske avhengige av husdyr. Husdyra produserer 15% av kaloribehovet og 25% av proteinbehovet i verda, sa Victoria Hatton frå New Zealand Agricultural Greenhouse Gas Research Centre i sin presentasjon.

Ho peika på at for å nå måla om maks 2 grader auke i klimagassar, trengs heilskaplege løysingar tilpassa regionale forholda, dei må vere tilgjengelege, måle intensitet og absolutte utslepp. Viktigast av alt er at løysingane også er bra både for matsikkerheit, levande bygder og produktivitet. Reduksjonspotensialet er størst i u-land og Hatton viste til gode døme i både Uruguay, Kenya og Sri Lanka. Kenya har potensiale til å redusere utsleppa med 11-49% innan mjølkesektoren, samtidig som ein får positive effektar på produktivitet, matsikkerheit og profitt. Liknande potensiale ser ein i Uruguay med 23-47% reduksjon med same positive effektane som i Kenya.

- Men ein treng å skreddarsy tiltaka, få ei betre forståing av økonomien, og ha testing på bakken, sa Hatton.

Verdi: 1.4 trillionar dollar

Alice Willett frå det britiske miljø- og landbruksdepartementet peika også på kor viktig husdyrproduksjonen er på verdsbasis:

- Verdien på husdyrsektoren globalt er 1,4 trillionar dollar, den står for 40% av BNP i landbrukssektoren, sysselset 1,3 mrd menneske og gir levebrød til 800 millionar småbønder, sa Willett.

Ho peika også på at dyrehelse var heilt avgjerande for å få ned drivhusgassutsleppa.

- Sunne dyr har lågare drivhusgassutslepp. Usunne dyr tenderer til å ha lågare produktivitet, som eit resultat av lågare vekst, lågare reproduktivitet, og meir behov for behandling. Dette resulterer i høgare utslepp per dyr, konkluderte Willett.

- Betre dyrehelse gir difor grunnlag for lågare utslepp per animalsk produkt, samtidig som ein betrar produktiviteten, med positive effektar for matsikkerheit, dyrehelse, matvaretryggleik og offentleg helse, sa Willett.