- Eg ber finanskomiteen tenkje over kva kreftar som har utfordra jordbruket i Danmark og Sverige.  Familielandbruket i desse to landa er delvis pressa ut etter at dei kapitalsterke kreftene dei siste 20 åra har fått større tilgang til å eige og drive jordbruk i desse landa, sa leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes då han deltok på høyring i finanskomiteen i Stortinget torsdag.  

Bartnes viste til at regjeringas framlegg i statsbudsjettet om å  opne for å gje jordbruksfrådag til aksjeselskap er eitt av mange framlegg frå regjeringa som legg opp til meir AS-landbruk. Regjeringa har tidlegare utvida moglegheitene for aksjeselskap til å motta produksjonstilskot, dei har foreslått konsesjonsfritt kjøp av jord som har blitt leig i minst 5 år, og no gjer dei altså framlegg om å innføre jordbruksfrådrag og fjerne bukravet for aksjeselskap.

- Vi er svært kritiske til framlegget.I sum legg dette til rette for kapitalsterke interesser på bekostning av bonden og matproduksjonen, saLars Petter Bartnes.

Satsing har blitt til reduksjon

Han trekte også fram regjeringas framlegg om å  innføre skatt på bygdeutviklingsmidlar for bønder i distrikts-Noreg i høyringa.

- Dette framlegget vil råke dei unge bøndene i distrikta. Dette går utover folk i oppstartsfasen, og det er vi svært kritiske til, sa Bartnes.

- Under årets jordbruksoppgjer var vi einige om å auke investeringsmidlane med 26,5 millionar kroner. Men dette forslaget reduserer den samla potten for investeringsmidlane med 33,5 millionar. I vår ønskte regjeringa ei satsing på investeringar, men no er denne satsinga snudd til ein reduksjon, sa Lars Petter Bartnes.

Ønskjer satsing på alternativt drivstoff

I høyringa tok han også opp avgiftsauka på fossilt drivstoff som utgjer ei samla utgift på 27 millionar kroner for landbruket.

- I dag har vi få alternativ til fossilt drivstoff. Det bør bli satsa offensivt på produksjon og distribusjon av alternativt drivstoff, ikkje ei einsidig avgift. Det er eit passivt tiltak som ikkje vil gje noko klimaeffekt, sa Lars Petter Bartnes til medlemmane av finanskomiteen.