Bilde frå garden til Ola Andreas Byrkjedal, tatt 9. august.

- Eg hadde planlagt å slå for to veker sidan, men det har regna tre veker i strekk. Berre den siste veka har det komme 156 mm nedbør. Kvaliteten på fôret blir berre dårlegare og dårlegare, seier Ola Andreas Byrkjedal i Gjesdal. Leiaren i Rogaland Bondelag er ikkje åleine om å oppleve at andreslåtten regnar vekk.

- I heile Rogaland slit bøndene med å få slått graset i tide. Mange som har storfe på beite slit med at beita blir øydelagt. Og no er jorda så metta av vatn at ein må få tørka opp før ein kan begynne å slå, seier Byrkjedal, som innrømmer at han begynner å bli skikkeleg vêrsjuk.

Problem i store delar av landet

Nedbørsmengdene har skapt problem også utanfor Rogaland. På heile Vestlandet har det vore ein nedbørrik sommar. Også på Austlandet merkar bøndene problem med vêret. Sist laurdag kom det så mykje som 54,7 mm nedbør på to timar vest for Oslo, ifølgje Meteorologisk Institutt. Rundt 2000 skademeldingar har komme inn til forsikringsselskapa på grunn av flaumskader etter dette regnvêret, ifølgje NTB.

Dette har også gått ut over andreslåtten for bønder i Oslo og Akershus.

NVE, Norsk vassdrags- og energidirektorat har sendt ut varsel om flaum, gult nivå for heile Vestlandet i dag, tysdag og for Møre og Romsdal i morgon.

Her blir ikkje andreslåtten tatt med det første.

Meld frå om skade

Dersom nedbøren dei siste dagane har gitt skader på eigedom, jordbruksareal og avlingar, er det viktig å melde ifrå raskt.

Statens naturskadefond dekkar skade på objekt det ikkje er mogleg å forsikre mot naturskade gjennom alminneleg privat forsikringsordning. Dette kan vere vegar, bruer og jord- og skogbruksareal. Det kan også bli gitt erstatning til avlingssvikt som skuldast klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Det er først ved avling under 70 % av normalen at den offentlege ordninga kjem i inngrep. 

Ola Andreas Byrkjedal har brukt dei siste dagane til å vaske fjøs, men no håpar han at varsla frå yr.no slår til og at kjem nokre dagar med opphaldsvêr, slik at fôret blir berga.

- Dette er utfordringar vi må lære oss å leve med, men det er temmeleg frustrerande og deprimerande, avsluttar han.