Bondetinget 2015. No er det klart for nytt bondeting i den same salen.

Det nærmar seg det årlege Bondetinget, årsmøtet til Norges Bondelag. Allereie tysdag føremiddag samlar representantskapet i Norges Bondelag seg til møte på Lillehammer. Representantskapet er eit rådgivande organ for styret og årsmøtet i Norges Bondelag, og består av styret og fylkesleiarar i Norges Bondelag samt representantar frå andre organisasjonar innanfor landbruket.

  • Les også: Årsmøtet 2016

Over 300 delegatar og gjestar

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har vore på fleire fylkesbesøk etter at han vart statsråd. Her er han fotografert i lag med fylkesleiar i Nord-Trøndelag, Asbjørn Helland. Onsdag taler Dale på Bondetinget.

Onsdag kl 0830  startar årets bondeting, og då vil over 300 delegatar, gjestar og tilsette ta plass i salen. Mellom dei finn vi både landbruks- og matminister Jon Georg Dale, leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre og fleire andre stortingspolitikarar. Programmet startar med tale frå leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, etterfølgd av generaldebatten. Årsmøtet tar ein pause i debatten for å sleppe til landbruks- og matminister Jon Georg Dale klokka 13.00, etterfølgd av spørsmål frå årsmøtedelegatane. Det blir også fleire helsingstalar frå andre gjestar og politikarar onsdag.

Onsdag kveld samlast heile Bondetinget til festmiddag. Menyen er ved bondelagskokken vår, Karla Siverts, og maten blir laga av tidlegare bondelagskokk Bodil Fjellestad Eikrem. To viktige postar på programmet under middagen er utdelinga av årets Askeladd-pris og kåringa av Årets lokallag.

Vedtar nytt næringspolitisk program

Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre har tidlegare besøkt garden til Gjermund Ruud Skjeseth. Torsdag besøker han Bondetinget. Torsdag skal årsmøtet debattere og vedta nytt næringspolitisk program 2016-2020. Etter lunsj skal Jonas Gahr Støre tale til Bondetinget, og også han vil få spørsmål frå salen. Ein av dei siste sakene på programmet er val. Leiar Lars Petter Bartnes tar attval og 2. nestleiar Brita Skallerud tar attval. 1. nestleiar Kristin Ianssen gir seg i styret, og Bjørn Gimming er innstilt som hennar etterfølgar.

Heile Bondetinget blir streama, og her vil det etterkvart komme lenke til videoen. Vi håpar mange av våre medlemmar vil følgje årsmøtet på denne måten.