WTOs generaldirektør Roberto Azevedo på NHOs handelskonferanse fredag føremiddag. Foto: Hildegunn Gjengedal

Ministrane er inviterte av utanriksminister Børge Brende til eit uformelt møte der ingen formelle avgjerder skal takast. Likevel er det venta ein «chair`s statement» på slutten av møtet. På dagsordenen står korleis ein kan trygge det multilaterale handelssystemet og styrke WTO, og korleis det neste ministermøtet i desember 2017 kan bli ein suksess.

Regionale handelsavtaler er også på sakslista. Siste åra har WTO stått i stampe, og meir fokus har vore retta mot forhandlingar om bilaterale og regionale handelsavtaler. Tenesteforhandlingane mellom enkelte medlemsland og miljøvarer er også mellom tema som blir diskutert når ministrane møtes. På landbruksområdet er det no produksjonsretta støtte som er i fokus.

Før møtet tok til hadde NHO invitert til handelskonferanse der også WTOs generaldirektør Roberto Azevedo deltok. Han var uroa over fallande verdshandel og aukande kritikk av handelen. Det er tydeleg at kritikken gjer inntrykk.

- Handel er eit mektig vertøy, men det er ikkje perfekt. Det kan føre til flytting av arbeidsplassar, og det er vanskelegare for små selskap å kome til enn dei store. Vi må svare på bekymringane til anti-handelsretorikken, men ikkje ved å angripe handelen, sa Azevedo, og hevda at det er teknologi og innovasjon som er årsaka til 80% av tapte arbeidsplassar til andre land, ikkje handel.

Dette synet var gjennomgåande i mange av innleiingane på konferansen, der både Brende, Arbeidarparti-leiar Støre, Hydro, Telenor, Orkla og politikarar frå Ap, Høgre, FrP og Sp deltok. Unntaket var Per Olaf Lundteigen frå Senterpartiet som ikkje uventa hadde eit noko meir kritisk syn på effektane av handel.

Børge Brende la derimot sterk vekt på handelens positive effektar og åtvara mot «proteksjonisme»

- Vi må vere klart imot proteksjonisme, sa Brende.

Tidlegare utanriksminister Jonas Gahr Støre vektla også handelens positive effektar, men meinte samtidig at ein måtte ha forståing for kritikken mot frihandel, og at staten må sørge for å fange opp taparane gjennom omfordeling av verdiane.  Han var også innom landbruket.

- Eg har sagt på Bondetinget at det er viktig for norske landbruksinteresser å ha eit regelverk. Viss ikkje ville det vere kjøtvekta som talde, sa Støre.

Også Orklas representant, Håkon Mageli, la vekt på behovet for eit internasjonalt regelverk, og framheva samtidig behovet for eit tollvern for å kunne produsere produkt basert på norske råvarer i konkurranse med resten av verda.

Dei 24 ministrane er i møte på Voksenåsen hotell frå 12.30 fredag til 14:00 laurdag. Sjå kronikk om temaet i Nationen laurdag frå Per Skorge.