Målgruppe for konferansen er alle som på ulike måtar er opptatt av jordvern og av at samfunnet har eit bevisst forhold til det å ta vare på dyrka og dyrkbar jord. Dette gjeld t.d. saksbehandlarar i kommunane, politikarar og planutval, bønder og andre som er opptekne av at folketalet aukar og at det difor trengst meir mat.

PROGRAM: (I PDF - klikk her)

Gjermundnes vidaregåande skule, laurdag 21. mai 2016

Kl. 11.00 Landbruksmuseet opnar for omvisning

Kl. 11.30 Kaffe og registrering

Møteleiar: Kolbjørn Gaustad, styreleiar ved Landbruksmuseet for Møre og Romsdal og Jordvern Møre og Romsdal

Kl. 12.00 Opning av Jordvernkonferansen ved Geir Inge Lien, ordførar i Vestnes kommune

  • Rektor Aadne Haarr: «Gjermundnes landbruksskule gjennom 100 år»
  • Landbruksdirektør Frank Madsøy: «Jordvern – eit samfunnsansvar»
  • Stortingsrepresentant Pål Farstad (V): «Kva er nytt i lovverket?»
  • Utbyggingssjef i Rauma, Heidi Skaug: «Jordvernet i kommunal arealforvaltning»

Kl. 14.30 Middagspause med servering av ein enkel middagsrett. Etter middagen blir det høve til gruppevis

omvising på landbruksmuseet.

Kl. 15.30 Avd. dir. i Statens vegvesen Ole Syltebø: «Kvar skal vegen gå i framtida?»

Kl. 16.00 «Bybonde i nedbyggingsland». Wollert Dankert Krohn og Øystein Solli er bønder i Molde og har følt korleis det er å drive bynært landbruk.

Kl. 16.30 Landbruksjournalist Bjørn Steinar Skarbø frå Landbruk Nordvest stiller spørsmål til alle Innleiarane.

Kl. 17.00 Avslutning

Arrangør: Landbruksmuseet for Møre og Romsdal i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag og Jordvern Møre og Romsdal

Påmelding: Innan torsdag 19. mai til more.romsdal@bondelaget.no, tlf. 909 54 787

Det er inga deltakaravgift.

 

Fakta om jordvern

  • Det tek over 10 000 år å skapa eit matjordlag på 25 cm.
  • I Norge er kun tre prosent av landarealet dyrka.
  • Det kan dyrkast matkorn kun på ein tredel av det dyrka arealet i Norge. Resten av det dyrka arealet kan brukast til gras eller andre meir hardføre matplantar.
  • Frå gammalt av er byane etablert i nærheten av der det var muleg å dyrka jord.
  • Det er ei nasjonal målsetjing at matproduksjonen skal aukast.
  • I 2014 vart totalt 783 dekar dyrka og dyrkbar jord omdisponert til anna enn landbruk i Møre og Romsdal. Fylket er dermed i landstoppen når det gjeld bortfall av dyrka jord.
  • Det er vedtatt ein nasjonal jordvernstrategi med målsetjing om at årleg nedbygging av dyrka mark ikkje skal overstige 4000 dekar. Det er utarbeida eigen jordvernstrategi for Møre og Romsdal.
  • Organisasjonen Jordvern Møre og Romsdal vart skipa vinteren 2016. Den har som målsetjing å samla brei forståing og støtte for eit sterkt jordvern i Møre og Romsdal.