Foto: øystein moi

Marit Gunn Tveit er lokallagsleiar i Lillesand Bondelag, og medlem av fylkesstyret i Aust-Agder Bondelag. Saman med kjærasten Kåre driv ho det ein må kalle eit mønsterbruk i grenseområda mellom Kristiansand og Lillesand - på grensa mellom Aust Agder og Vest Agder.
Velstelt både ute og inne. Velpleide naturlandskap, flotte driftsbygninger og trivsel for både folk og dyr.

Tysdag 12. mars inviterte Marit Gunn alle elevane på 5. klassetrinn i Lillesand til ein spanande landbruksdag heime på garden.
133 elevar, i tillegg eit knippe med handplukka og stuttreiste pedagogar, skapte liv og røre inne på gardstunet. Det var kø framføre grillen, det var kø i saufjoset - og det var jamvel kø på den gamle og velbrukte utedassen i uthuset.
Det var lagt opp til ei lærerik  kunnskapsløype med ulike postar rundt på garden.
Vitjing i sauefjoset, utstilling av landbruksmaskinar, jakt og viltforvaltning, tømmerhogst, skogplanting og klima og energi var viktige emne som vart grundig omtala av sakkundige medhjelparar.
Ei kraftig matøkt var i sin heilskap sponsa av den lokale slaktaren Jens Eide - og av den landsdekkjande samyrkjeverksemda Tine.
Ein strålande dag for både ungar - og vaksne.

Foto: øystein moi

 

Foto: øystein moi

 

Marit Gunn underviser nyfikne elevar om det indre liv i sauefjoset. ( foto: øystein moi )

 

Kva fær me eigentleg frå sauen, spør Marit Gunn - og svara var mange. Denne stuttreiste ullfellen var det mange av dei unge som var interesserte i. (foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

Foto: øystein moi

 

Populære gjestar. (foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

- Å ja .... er det slik ein skapning  mamma sin minkpels eigentleg  kjem frå ... ( foto: øystein moi )

 

Det er så visst ikkje kvar dag ein kan halde ein mink i fanget ...     (foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

På slik ein strålande vårdag er det godt å kunne bruke naturen som klasserom.  (foto: øystein moi )

 

Kanskje er dette ein komande sauebonde i Lillesand (?)    (foto: øystein moi )

 

Kva er skilnaden på hydraulikk og kraftuttak - og kva er eigentleg ein høyballe, og korleis fær bonden surra rundt all den kvite plasten .....   (foto: øystein moi )