Ein stor takk til Johan Isak Tveit. Ein heidersmann som kvart einaste år opnar fjoset, låven - og gardstunet for den oppveksande slekta. Betre rekrutteringsarbeid er det vanskeleg å tenkje seg. (Foto: øystein moi)

Alle dei 120 skuleelevane skulle i løpet av dagen innom ulike fagpostar for å få eit inntrykk av kva moderne, og tradisjonell gardsdrift, eigentleg dreier seg om. Det var vitjing i fjoset, framsyning av ulike landbruksmaskinar, ein annan bolk handla om tømmerhogst og skogpleie, medan det og vart orientert om klima, energi, mangfold i skogen - og ikkje minst ein populær post som omhandla jakt og viltforvaltning.
Tilskipinga var eit samarbeid mellom bondelaget i Lillesand, Skogselskapet i Agder, Lillesand kommune og Høvåg og Vestre Moland skogeigarlag. 


Her fekk elevane klår melding om kva dei bør take seg til når tida på folkeskulen er over... ( foto: øystein moi )


Dei ulike landbruksmaskinane, og reiskapen på garden, vekkja mykje åtgaum hjå det som vonleg er neste generasjon mjølkebønder på Agder. ( foto: øystein moi )

Augekontakt mellom ein nyfiken pedagog - og ein av dei fastbuande på Steindal. ( foto: øystein moi )


Ein skuledag ho seint vil gløyme. ( foto: øystein moi )


Gode vener. (foto: øystein moi)


Eit stolt jaktlag syner fram dagens fangst. ( foto: øystein moi )


Nærkontakt med Mikkel Rev. ( foto: øystein moi )


Solveig K Gonsholt frå Skogselskapet på Agder.(foto: øystein moi)


foto: øystein moi


Mannen i fullt skogsutstyr vart raskt populær i elevflokken. Gjennomgang av m.a. ulikt verneutstyr synte seg å vere interessant. For mange var dette eit heilt ukjend pensum. Mykje meir interessant enn både matematikk, stilskriving og landkunne. ( foto: øystein moi )


Mange gode, og heilt uventa, spursmål dukka opp under vegs. ( foto: øystein moi )


Foto: øystein moi


Ein moderne landbrukstraktor er sjølvsagt spanande for ein gutegjeng i denne alderen. ( foto: øystein moi )


Flotte budeier. Gode vener. Ein fantastisk skuledag. Kan det eigentleg verte betre. ( foto: øystein moi )


Foto: øystein moi


Då mjølkebilen kom for å hente dagens produksjon kom raskt spursmålet frå ein av elevane: " Skal all denne melka brukes til sjokomelk ?"  Svaret vart hengjande i lufta. Pedagogane klødde seg i hovudet. Johan Isak drog på smilebåndet. ( foto: øystein moi )


Marit Gunn Tveit er ein særs aktiv leiar av Lillesand Bondelag. Denne dagen smilte ho om kapp med vårsola. Med god grunn. ( foto: øystein moi )


Denne staselege buketten med lokale bondevener sytte for at alle gjestane kunne ete seg stappmette med kvalitetspylser frå den vidgjetne slaktaren i Lillesand, Jens Eide. Tine sytte for kassevis med velsmakande  yoghurt - og høveleg med drikke til både store og små. ( foto: øystein moi )


Marit Gunn Tveit serverte leiaren av det lokale skogeigarlaget, Elma Liane, ein solid porsjon med mjølk - beinveges frå mjølketanken. Idyll på fjostrappa. ( foto: øystein moi )


Den utskræmde bladfyken frå Bondelaget takka høfleg nei til eit slikt måltid. Det smakar truleg mykje betre med "butikkmjølk." ( foto: øystein moi )


Kyrne på Steindal var nok eit grann undrande til kva som skjedde ute på gardstunet ... ( foto: øystein moi )


"Fjøsmelk" var ei ny smaksoppleving for dei aller fleste. Populært, spanande - og visstnok velsmakande. ( foto: øystein moi )