Foto: FrPEtter ein strevsam arbeidsdag i indre Agder vil statsråden truleg  nytte høvet til å kvile lekamen, hovudet medrekna, i ei stasleg  hotellseng på Bystranda i Kristiansand.
Neste dag, tysdag 31. mai, skal statsråd Dale m.a. sjå på osteproduksjon i Birkenes - og potetpakking i Reddal før det esklusive reisefyet, klokka 13:35,  svinger inn i tunet til den vidgjetne - og særs taleføre honningprodusenten Knut Lia i Grimstad.
Det er landbruksavdelinga hjå fylkesmannen i Aust- og Vest Agder som er vertskap for landbruks - og matministeren. Fylkesmannen he leigd inn ein blankpolert minibuss som skal frakte statsråd Dale frå det eine gardstunet til det andre. I fylgje programmet så skal Sven Reiersen, på Tveit i Hornnes, syte for at både statsråden, statssekretæren, landbruksdirektøren, pressekorpset - og bussjåføren fær i seg eit dugeleg måltid med stuttreist mat i middagsbelet på måndag - medan Reddal Fellespakkeri er åstaden for ei kraftig matøkt på tysdag.