Det er i samband med den landsdekkjande "Øko-uka" at Ingebjørg fyrte opp bakaromnen på låven og serverte gjestane rykande fersk, og sjølvsagt økologisk, stomp. ( foto: øystein moi )

 

Kva er vel meir velsmakande enn ein frukost på trammen med tilhøyrande økologiske egg frå Ranestad i Iveland. Produsert høgt til fjells, langt frå alfarveg  - og langt unna eksos, svevestøv og anna helseskadeleg tilsulking. Matproduksjon i den aller øvste divisjonen. ( foto: øystein moi )

 

 

Det er ein stri og glo-varm tørn når ein skal mette skrubbsvoltne kundar frå heile grannelaget og halve nabokommunen med fersk stomp. ( foto: øystein moi )

 

Eivor Øina gjorde ein framifrå jobb i produksjonen. Her syner ho fram dagens fyrste leveranse. (foto: øystein moi )

 

foto: øystein moi

 

Foto: øystein moi

 

Den vidgjetne og venesæle bondehøvdingen frå Iveland, John Øina (t.v.) i triveleg samrøre med sambygdingem Trond Steinsland. Dei trivdes særs godt i sfakroken på låven. Båe to. ( foto:øystein moi )

 

- Me tek ikkje kort - evt. kontant betaling.  ( foto: øystein moi )

 

Økobonden Søren hadde ein strevsam dag på kjøkkenet  på låven. - Skal det vere latte, cappuchino - eller ein kopp med stuttreist og økologisk kvalitetskaffe ... (foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi )

 

Økologiske traktorvafler set eigentleg krona på verket. Det finnast ikkje makan - korkje for store eller små. ( foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi