Prosjektleiar Jakob Saagus (foto: øystein moi )Bodskapen om særs gode tilhøve i sauenæringa spreier seg no raskare enn både influensabakteriar og krimsjuke på store delar av Agder.
Saueprosjektet i Aust-Agder er ei nyskaping kor m.a. fylkeslaget i Sau og Geit, Bonde og Småbrukarlaget, Fylkesmannen, Landbruksrådgjevinga – og Bondelaget sit i styringsgruppa.
Denne våren vart det skipa til informasjonsmøte i heradstyresalen i Froland – og i grendehuset på Ose.
Frammøte av skodelystne og nyfikne sauebønder i alle aldre har vore større enn nokon våga å tru på førehand.
Agderkontoret sin utskræmde bladfyk tok sete i storsalen på grendehuset på Ose då sjølvaste Jakob Saaghus kunne ynskje møtelyden, meir enn 50 i talet, velkomen til informasjosmøte om Saueprosjektet i Aust-Agder.
Saaghus, den venesæle og omtykte leiaren av Norsk Landbruksrådgjeving Setesdal, he teke på seg oppgåva med å vere prosjektleiar i Saueprosjektet i Aust-Agder.

Kåre Blålid er fylkesleiar i Aust-Agder Sau & Geit. Blålid heldt eit svært greit, tydeleg – og opplysande innleiingsforedrag. Ingen skulle vere det minste i tvil om at sauebøndene på Agder, og i landet elles, siglar i medvind no om dagen.
Fylkesleiaren var likevel klinkande klår på at det er eit mykje større potensiale i næringa i Aust-Agder enn kva ein i dag klarer å utnytte.
- Derfor er nettopp dette prosjektet så umåteleg viktig, sa fylkesleiaren medan staute sauebønder såg på kvarandre og nikka samtykkjande. Ordføraren i Bygland, Leiv Rygg, medekna.
Sentrale personar på informasjonsmøte på Ose. F.v. Siv Jeiskelid (leiar av Bykle Sau & Geit) - Jorunn Synnøve Uppstad ( leiar av Valle Sau & Geit ) - Torkjell Nordstrand ( leiar av Bygland Sau & Geit )- Kåre Blålid ( fylkesleiar Aust-Agder Sau & Geit ) - Eivind Odd Kallhovd ( leiar av Evje og Hornnes Sau & Geit )  og Jakob Saaghus ( prosjektleiar Saueprosjekt Aust-Agder )  Foto: øystein moi

I fylgje Blålid skal det nystarta saueprosjektet m.a. ha fokus på heilt avgjerande faktorar som rekruttering, trivsel og miljø, auka investeringer med tanke på nye sauefjos, betre organisering og samarbeid innan beitebruk, styrking av dyrehelsa - og ikkje minst auka oppslutning om den svært så viktige sauekontrollen.

Moderne EDB-maskinar og smarte mobiltelefonar er i dag viktige arbeidsreiskap i eit moderne sauefjos. (foto: øystein moi )

Dataalderen er på full fart inn i sauenæringa. Stadig nye dataprogram held styringa på saueflokken. Heilt frå fyrste levedagen - og fram til den tunge ettermiddagen når slaktebilen frå Nortura svinger inn på gardstunet.
Den gamle notisboka, og reklamepennen frå den lokale sparebanken, kan liggje trygt i øvste skåpet  på kjøkkenet. Nå er det iphone, ipad - og andre "duppedittar" som tek seg av den slags kontorarbeid.
Ein må likevel ikkje gløyme, eller vere det minste i tvil om, at den den gode, røynde, kunnskapsrike og stolte sauebonden aldri på noko vis kan verte estatta av ein moderne datamaskin.

Foto: øystein moi

Grethe Ringedal, frå Numedal, er sjølv ihuga sauebonde. Gjennom eit timelangt foredrag tok ho møtelyden med på ei reise gjennom eit heilt kalenderår på garden, og sauebruket, Nordre Borge. Ikkje berre var Grethe ein engasjert foredragshalder - hennar fantastiske bilete og mange videofilmar sette djupe og minnerike spor i hugen hjå møtelyden. Sjølv godt vaksne byklarar og stolte valldølar måtte turke ei tåre frå kjaken då Grethe på ein meisterleg måte synte oss samspelet mellom gjetarhunden, sauebonden og sauen - ein strålande solrik haustdag på Hardangervidda. Godt dokumentert med sylskarpe fargebilete - og levande film, pynta i dei mest fantastiske haustfargane du kan tenkje deg.

foto: øystein moi


Det ikkje Ove Myklebust veit om norsk Spælsau,driftsbygninger for sau, sauesanking, paring, foring og gjennomsnitt slaktevekt på sau frå Sirdal og Kvinesdal - ja det treng heller ikkje du vete noko som helst om...

Myklebust he m.a. vore prosjektleiar for det no avslutta, og særs vellukka, Saueprosjektet i Vest-Agder. Dette er mannen som stod andlet - til andlet med sjølvaste landbruksminister Sylvi Listhaug i eit sauefjos i Åseral, og fortalde statsråden kor skåpet eigentleg skal stå.
Dei er framleis vener - landbruksministeren og prosjektleiaren. Ove og Sylvi.

Ja - det er optimisme i sauehaldet på Agder.
Siste 4 åra er det investert omlag 70 millionar kroner i sauehus, og utstyr til sau, med investeringsstønad frå Innovasjon Norge.
Dersom ein ser på tala for t.d. året 2009 - så var det same kronebeløpet 3 millionar. Kurvene peiker rette vegen.
Sauebøndene på Agder siglar i medvind - og no ser me starten på eit nytt Saueprosjekt.
Myklebust kunne fortele om ein sauebonde i røystekrinsen som i desse dagar gjeng rundt med konkrete planar om eit nytt saufjos med husrom for 1200 - 1300 dyr. ......

Foto: øystein moi

 

På matsetelen stod tradisjonsmat frå Setesdal. Ein byrg prosjektleiar kunne servere Setesdalssuppe til skrubbsvoltne tilhøyrarar. Ingen reiste svoltne heim frå Ose denne vårkvelden.  (foto: øystein moi )