Foto: øystein moi

 

Her kan du lese leiarartikkelen i Setesdølen, tysdag 19.juli

Fylkeslearen i Aust-Agder Bondelag, Erik Fløystad, kom raskt på banen - og fredag 22.juli stod fylgjande lesarinnlegg på prent i lokalavisa Setesdølen:
 

Redaktøren bør ete meir lammekjøt

Redaktør Haugsgjerd kjem med eit etter måten kraftig utfall mot Norges Bondelag i sin leiar av 19. juli. Eg meiner han retter bakar for smed når han gjev Bondelaget skulda for eit tiltakande overskot av lammekjøt.  

Lat det fyrst vere sagt at Bondelaget ønskjer meir lammekjøtproduksjon. Ikkje minst i Setesdal kor føresetnadene er overmåte gode for denne produksjonen. Me har heller ikkje noke som helst imot at nye produsentar finn å ville satse på sau som heiltidsproduksjon, og me heiar sjølvsagt på den satsinga som nå skjer i Setesdal.

Når det gjeld redaktøren si lovprising av tidlegare landbruksminister Listhaug er eg ikkje samd. Ho la opp til å stimulere til stordrift ved samstundes å take bort driftsgrunnlaget ifrå dei små gardbrukarane / produsentane. Dette er korkje bibelsk - eller landbrukspolitisk akseptabelt.
Hovedtyngda av lammekjøtet kjem i dag fra det ein kan kalle små besetninger. Økonomien for desse er ikkje slik at dei kan investere, knapt nok kan dei få ei høvelig timeløn under dagens vilkår. Dersom ein vil ha desse produsentane bort frå marknaden er dagens landbrukspolitikk særleg gunstig.
Norges Bondelag meiner derimot, utan atterhald, at me treng desse små produsentane også i framtida.

 

Bonden betaler marknadsreguleringa.

I Noreg er det bonden som betaler for marknadsreguleringa. Bonden veit at overskot i marknaden gjev dramatiske utslag i prisen til bonden. Dette blir meir dramatisk dess større produksjonen er. Når prognosene for marknaden viser overskot er det naudsynt å setje inn tiltak. Innovasjon Norge sine tilskotsmidlar til nye sauefjos nå må ein difor handsame særs varsamt slik stoda er i marknaden i dag. Gjer ein ikkje det vil lønsemda for dei som allereie har satsa stort i sauenæringa verte alvorleg skadelidande.
Det inneber og at dei forhandlingane som regjeringa nå fører med EU om mogelege endringer i dei tollfrie kvotene(§19) kan få dramatiske utslag for mellom anna sauenæringa. Det same gjeld dei viktige og langdryge WTO forhandlingane. (Avtalen som lagar reglar for verdshandelen, og har som formål å byggje ned handelsbarrierer som t.d. toll.)

Eg oppmodar redaktøren, og alle Setesdølens lesarar, om å ete meir lammekjøt. Dette både fordi det er velsmakande,ja beint fram i verdensklasse, men og fordi sauen er fjellets beste slottekar - samstundes som han representerer ein produksjon Setesdal er avhengig av dersom ein skal take vare på det framifra kulturlandskapet som dalføret er viden kjent for.

Med helsing

Erik Fløystad, leiar Aust-Agder Bondelag