Søk

logo

Du er her:

Mobilisering for landbruk i Gjerstad og Vegårshei

Ordførarane har tatt initiativ til landbrukssatsing. Bakgrunnen er at kommunane har hatt ein sterk nedgang i jordbruksareal og tal jordbruksbedrifter dei siste ti åra. Ordførarane har bedt Fylkesmannen om bistand for mobilisera fleire til å satsa på landbruk.

Sauer ved Gjerstadvatnet - Foto: Lisbeth Svendsen Kismul - Copyright: Fylkesmannen i Aust-Agder

Ordførarane har tatt initiativ til landbrukssatsing.

Bakgrunnen er at kommunane har hatt ein sterk nedgang i jordbruksareal og tal jordbruksbedrifter dei siste ti åra. Ordførarane har bedt Fylkesmannen om bistand for mobilisera fleire til å satsa på landbruk.

Med seg på laget har kommunane og Fylkesmannen Nortura, Norsk landbruksrådgiving Agder, bondelaget, Innovasjon Norge og fylkeskommunen. Desse har deltatt på mobiliseringsmøter i vår. Responsen har vore god med frammøte på 40–50 personar på kvart av møta. Både unge som vil inn i næringa og etablerte bønder som ønskjer å satsa meir på garden møtte opp. I etterkant av møta teikna ein del seg på lister for å delta vidare i prosjekta.

Vegårshei-ordførar Kjetil Torp ønskjer seg fellesfjøs for sau. Han ser for seg beitedyr spreidd rundt i kommunen sommarstid og samarbeid om oppstalling og stell om vinteren.

Les omtale i Tvedestrandsposten.

– Landbruk er viktig for Gjerstad, seier ordførar Kjell Trygve Grundsvoll. Gjerstad har nyleg starta opp rullering av landbruksplanen, og kommunen ønskjer god kontakt med næringa. Gjerstad-ordføraren har merka seg at den nye landbruks- og matmeldinga legg vekt på distriktslandbruk og utnytting av utmark, vesentlege tema for Gjerstad.

Les omtale i Aust-Agder Blad.

(02.05.2012)
Kontaktpersoner

               


Norges Bondelag, Pb. 9354 Grønland, 0135 Oslo. Besøksadresse: Landbrukets Hus, Schweigaards gate 34 C. Tlf: 22054500
E-post: bondelaget@bondelaget.no
Ansv. redaktør Per Skorge, komm.sjef Lise Boeck Jakobsen