Det er ein uhyre kunnskapsrik og omtykt fylkesleiar som no takkar for seg. Fløystad har vore leiar i Aust-Agder Bondelag sidan 2010.
Det er leiaren i valnemda, Åse Ingebjørg Flateland, som no fær det formelle ansvaret for å finne ein ny fylkesleiar. Aust-Agder Bondelag skipar til årsmøte, i Kristiansand, den 20. mars.
Me kjem attende med ei kraftfull og innhaldsrik oppsummering av Erik Fløystad si teneste for bondelaget, ved eit seinare høve.
Guten er framleis vaken. Guten er framleis oppegåande. Framleis meir talefør enn dei fleste - og framleis bankar hjarta for den norske bondestanden.
Erik Fløystad tek ei pause. Me vonar - og me trur at han brått kjem attende.