Ole Magne Omdal,t idlegare ordførar i Iveland - noverande tenestemann hjå Fylkesmannen i Vest-Agder, er leiar av hovudkomiteen. Omdal gler seg storvegs til å take vel i mot 10 000 - 15 000 skodelystene på Evjemoen. Bilete seier mykje om korleis stemninga er kring langbordet når komiteen samlast til møte. ( foto: øystein moi )

 

(foto: øystein moi )

Dette året er stemneplassen flytta nokre hundre meter lenger nord i næringsparken. Til "nordre leir" - til området kring den tidlegare offisersmessa.
Her kan arrangørane tilby eit særs triveleg messeområde for både utstillarar - og for publikum. I nordre leir er det m.a. eit godt uttbygd sanitæranlegg med stor kapasitet for båe kjønn, noke som stundom he vore eit stort problem på det tidlegare messeområdet.
For utstillarane er det og lagt opp ei rekkje koplingsboksar for elektrik strøym kring heile stemneplassen.

(foto: øystein moi )

Sjølv om nysnøen låg tung på Evjemoen denne morgonen er det ikkje vanskeleg å sjå føre seg at dette kan verte ein framifrå stemneplass i augusdagane 2015. Hovudinngangen til messa vert omlag midt på den lange Evjemoen-sletta. Sjølve utsillingsområde vert på grasvollen mellom det gule bygget midt i bilete - og den gamle raude offisersmessa heilt i bakgrunnen.
Til venstre i bilete kan du skimte ein stor, grøn plasthall som mykje truleg vil få ei sentral rolle både når det gjeld matservering - og når det gjeld tidtrøyte av ulike slag.

Mykje tyder på at valkampen er i godt gjenge når Ole Magne opnar grinda inn til messeområdet, fredagen den 7. august - sånn omlag i middagsbelet.
Det ber samstundes bod om at alle  dei ulike politiske partia vert å finne under kvar sin telduk på Evjemoen denne helga. Her vert det truleg høg kjendisfaktor. Både ordførarar, lokale listetoppar, stortingsfolk og statsrådar vil vonleg finne vegen til "nordre leir" heile helga. Her er tross alt tusenvis av stemmekveg samla innanfor portane. I lausdrift - på Naturligvis 2015.
Ein politisk debatt, frå hovudscena, vert garantert eit av mange høgdepunkt.


Gilde dagar for både folk og fe. For både store og små.
Mykje tyder på at stortingsmannen frå Moisund, Kjell Ingolf Ropstad, kjem attende på messa dette året. Det er tross alt valkamp ..  (foto: øystein moi )


Leiar av hovudkomiteen, Ole Magne Omdal, er ein god og nær ven av tidlegare senterpartipolitikar - og biskop, Gunnar Stålsett. Omdal tek arbeidet med Naturligvis 2015 på høgste alvor - og berre tida vil no syne om desse to gutane legg store, og konkrete, planar i hop. To trugne bondevener som i alle fall i dette høvet ser ut til å vere i djupe samtalar. Med kvarandre.   ( foto: øystein moi )