Ingen tvil om at dei trivast i lag, Alv og Inger Liv. Som eit nyforelska par kvitrar dei rundt på gardstunet og nyter det gode livet på Nyberg. ( foto: øystein moi )

I fjoset ventar 52 mjølkekyr, og ein flokk skrubbsvoltne sauer og lam, på morgonstellet. På kulturbeitet, like nedanfor den store og velstelte driftsbygningen, ruslar  ein stad mellom 50-100 islandshestar. Det nøyaktige talet fær me aldri vete. - Det spørsmålet er like nautesleg som å spørje meg om kor mange pæning eg hev i banken, svarar Alv med eit lurt smil - og ei påfylgjande hostekule. 
Inger Liv fyrer opp bålpanna attom uthuset. Snart kjenner me eimen av nykoka bålkaffe, svært stuttreist flesk - og pylser med stempel frå det landsdekkjande slakterisamvirket. 

Same dagen som Agderkontoret sin utskræmde bladfyk vitja Nyberg, møtte me på 3. klasse frå Eikeland skule. Dei såg fram til ein lærerik og morosam dag i hop med Alv og Inger Liv. Me kan garantere at dei ikkje på noko vis vart skuffa øve korkje gjestfridomen eller det pedagogiske innhaldet. ( foto: øystein moi )

Ein umåteleg populær lærar - for ein dag. ( foto: øystein moi )

 

Fot: øystein moi

Foto: øystein moi

Dei vil truleg aldri gløyme kor mjølka eigentleg kjem frå ..... ( foto: øystein moi )

Foto: øystein moi )

Det er litt av kvart ein må lære seg før ein kan kalle seg fullt utlærd avløysar. ( foto: øystein moi )

Foto: øystein moi )

Natalie Iselin Repstad  (t.h.) er tilsett i fjoset hjå Alv og Inger - Liv. Ho hadde mykje spanande å fortelje til dei nyfikne 3. klassingane. ( foto: øystein moi )

Kjærleik. ( foto: øystein moi )

Foto: øystein moi

Foto: øystein moi

Foto: øystein moi

Ikkje alle arbeidsoppgåvene var like freistande. Her stend Selma framføre ein skikkeleg drittjobb. ( foto: øystein moi )

Foto: øytein moi

Ein strålande nøgd gjeng. Både gardbrukaren, elevane - og pedagogane. ( foto: øystein moi )

Og Natalie Iselin kunne stadfeste at kyrne på Nyberg hadde mjølka omtrent som normalt denne morgonen - sjølv med ein heil skuleklasse frå Hægeland som ihuga tilskodarar. ( foto: øystein moi )