Eivind Odd Kallhovd (foto:øystein moi )- Å drive med sau er ein fantastisk måte å leve livet på, sa Dag Erik Rosseland då han fekk høve til å kåsere om bruken a radiobjøller på årsmøtet i Evje & Hornnes sauelag nyleg.
Det er lokalavisa Setesdølen som skriv dette i eit referat den 27. februar.

Det er den venesæle honndølen Eivind Odd Kallhovd som styrer lokallaget med stø hand. Eit lokallag med lang røynsle i sauehald av ypperste slag, og med ein enorm kunnskap samla - og toleg jamnt fordelt på dei ulike medlemmene.
Lokallagsleiaren sa i talen sin at han og kjende  på ein  gryande optimisme i sauehaldet, men valde av ulike årsaker å ikkje skru forventningene så altfor høgt.
Kallhovd hadde sjølvsagt fenge med seg bodskapen frå Kyrkjebygd i Åseral kor sjølvaste  landbruksministeren nyleg var tilstades på ein lokal folkefest - og kor ho med velvalde ord  tala særs fint om sauen. Ja så fint tala Sylvi om spelsauen at sjølvaste ordføraren,og senterpartimannen, Oddmund Ljosland vart blank i augo..

- Likevel står det fast at det er lenge sidan det har vore så mange her i distriktet som har satsa så hardt på sau, som nett no - seier Eivind Odd Kallhovd.

Fylkesleiaren i Aust-Agder Sau og Geit, Kåre Blålid, var tilstades på årsmøtet og kasta glans over stunda.
Ein kan og melde at det snart er i gang eit nytt prosjekt i Aust-Agder for å styrke sauehaldet.Dette vert noko tilsvarande det ein har hatt stor suksess med i vestfylket kor den vidgjetne sauemannen Ove Myklebust var leiar.
I Aust-Agder er det Jakob Saaghus som vert prosjektleiar.


Han ser ljoset i horisonten, prosjektleiaren for det nye saueprosjektet i Aust-Agder, Jakob Saaaghus. ( foto: øystein moi )

Her kan du lese meir om saueprosjekt Aust-Agder