Bondelaget, Nortura, Tine og Felleskjøpet inviterer til Samling for unge bønder.

Målet er å skape ein årlig møteplass for å inkludere nye bønder i landbruksfamilien, styrke samhaldet, og formidle nyttig kunnskap om næringa og det å vere bonde.

Detaljert program blir utsendt så snart det er klart, og sendt påmeldte deltakarar ca 20. januar.

Kostnadar: Deltaking er gratis om du er medlem i minst ein av dei organisasjonane som er arrangørar.Ektefelle/sambuar er velkomen.

Påmelding med opplysningar om navn, e-postadr og mobilnr innan onsdag 18. januar 2017 til more.romsdal@bondelaget.no - eller tlf 41 41 88 71.

Utdrag av innhald:(Invitasjon i PDF - klikk her):

Laurdag 28. januar:

12.30 – 13.30:  Frammøte og lunsj.

13.30:  Velkomen. Presentasjon av deltakarar og arrangørar.

14.00  «Bondesamhald». Min oppstart som ny ung bonde og mitt forhold til organisasjonane i landbruket.

14.30:  Avreise for gardsbesøk i området Sæbø/Bondalen/Ørsta. Tema «mangfald».

17.30:  Unge bønder sin plass i gardsdrift og bygdeliv

19.30:  Middag

Søndag 29. januar:

09.00:  Oddvar Mikkelsen, leiar M&R Bondelag: Status for landbruket. Mulegheiter og utfordringar.

09.40:  TINE, Nortura, Felleskjøpet Agri:  Landbrukssamvirket i ei ny tid.

11.00:  Vegval og utfordringar for unge bønder i samband med generasjonsskifte v/

11.40:  Unge bønder presenterer seg og sine tankar om framtida

12.30:  Oscar Hovde Berntsen, NoFence: Frå ide til ferdig Produkt.

13.15:  Lunsj/avslutning.