Melchiorgarden i Norddal (Foto: Arild Erlien)Geitebonden i Norddal kallar innhaldet i jordbruksmeldinga for ein splitt og hersk-politikk. I den nye Stortingsmeldinga om jordbruk «Endring og utvikling» foreslår regjeringa å avvikle heile marknadsordninga for geitemjølk. Det inneber at TINE ikkje lenger har plikt til å kjøpe geitemjølka som blir produsert, og målprisen på mjølk som blir bestemt i jordbruksavtalen, og som i dag gjeld både kumjølk og geitemjølk, ikkje lenger gjeld geitemjølk.

- For geitebøndene betyr dette langt større usikkerheit. Og dei blir heilt avhengige av velvilje frå TINE. Som geitebonde kan du fort hamne i eit område der mjølka ikkje lenger skal hentast, seier Melchior.

Han påpeiker at landbruket er ei langsiktig næring med generasjonsperspektiv. Framtidsbonden som investerer må tenkje 20-30 år fram i tid og treng derfor langsiktige rammer. Møre og Romsdal Bondelag meiner at når regjeringa no føreslår auka usikkerheit for framtidig inntening og dermed auka risiko for geitebøndene, betyr det i praksis stagnasjon og avvikling. Hele berekrafta i næringa er i fare.

Best i verda

Petter Melchior, geitebonde i Norddal og styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag (Foto: Arild Erlien).Petter Melchior viser til at geitehaldet dei siste ti åra har vore gjennom ei rad med omstillingstiltak. Dette har gjort at helsetilstanden på den norske geita og kvaliteten på mjølka som vert produsert her er best i verda. Som følgje av dette har både Tine og staten oppmuntra til investeringar i nye moderne geitefjøs, og mange geitebønder har tatt utfordringane og satsa – satsa stort.

Tine har utvikla mange nye spennande produkt basert på denne kvalitetsmjølka, og rundt om i landet dukkar det stadig opp lokalmatprodusentar med nye gode produkt basert på geitmjølk. Den positive trenden geitemiljøet har vore i dei siste åra har og ført til at geitekjøtet har fått ny merksemd, og i stadig større grad vert nytta som gourmetmat.

- Langs smale fjordar og i bratte fjellsider med vanskeleg terreng er geita «sjef».  Her ryddar ho og lagar vakkert landskap, og gjev på den måten turistnæringa ei hjelpande hand. Bondegarden og eit levande setermiljø med formidling, gode smakar og spennande opplevingar vekkjer stor interesse mellom turistar og andre besøkande, seier Petter Melchior, styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag og geitebonde i Norddal.

Les omtale og intervju med Petter Melchior på NRK Møre og Romsdal sine nettsider 15. desember – klikk her:

Radiointervju med Petter Melchior – klikk her (innslag nr 5 – Uro i geitenæringa):

Sjå TV-innslag frå Melchiorgarden og TV-intervju med Petter Melchior – klikk her (innslag nr 7 - geitebønder bekymra):

Fredag 16. desember hadde NRK Møre og Romsdal oppslag på sine hjemmesider om Bondelaget fryktar stagnasjon og avvikling – klikk her: