Søk

Du er her:

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Rekruttering: Bondekafè med vekt på vellukka eigarskifte

Publisert 08.12.2011

- Bondekafèen vår om EIGARSKIFTE gjekk flott! 26 deltakar frå både den nye og avtroppande garde, møtte opp i ruskavèret. Fleira av desse er midt oppe i eller nær overdraging. Ivar Halvorsen frå Tveit Regnskap var kjempeflink til å formidla, og kom med mange gode råd. Slike arrangement gjev verkeleg meining, og styret i Ølve og Hatlestrand Bondelag ynskjer å følgje opp tematikken så godt vi kan, fortel leiar Veronica Hellestveit, etter endt dyst.

Bondekafèen fann stad på Gamleskulen på Hatlestrand, fredag 2. desember, med god servering og triveleg steming. Kanskje forserte den nokre prosessar?  

Ivar Halvorsen frå Tveit Regnskap var flink til å formidle, og fekk gode skussmål!

Litt SSB-statistikk om ståa i fylket vårt: 

Hordaland                                                    

 2010                 
Personlege brukarar i alt  3 106
Persolege brukarar, menn  2 631
Personlege brukarar, kvinner               475
Gjennosnittsalder, alle brukarar   51 år

 Les oppslaget: "Nye" bønder i Hordaland er 53,2 år, når dei tek over"

Av: Tore Henrik Øye

CorePublish publiseringsløsning