Søk

Du er her:

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Nybygg: Huglingar på studietur til Ølve!

Publisert 13.12.2011 - sist oppdatert 14.12.2011

- Vi var 9 stykk som "sala opp", for å sjå på lausdriftsfjøset til Tore Vikane på Neregard i Ølve. Føremålet var å få innblikk i korleis ting kan gjerast,- til inspirasjon og nytte for den yngre garde. Gode løysingar og "mykje fjøs for pengane", er inntrykket vi sit igjen med, fortel Erik Willgohs, initiativtakar og leiar i Huglo Bondelag.

Fjøset til Tore Vikane er flonkande nytt. - Me byrja å reise stålkonstruksjonane 20. mars 2011. Mjølkeroboten vart starta opp to månadar seinare, nærare bestemt den 23. mai. Så sjølve byggeperioden gjekk skikkeleg radig. Og det var bra. For me hadde mykje å ta igjen, grunna ein streng vinter, med mykje frost i bakken. Men takka vere kjempegod hjelp frå familie og vener, kom me i hus etter planen, fortel Tore Vikane, som nå har 50 mjølkekyr og 59 ungdyr "på bås".Sigurd på 4, stod i bresjen for mottakingskomiteen. Her er han knipsa på fôrbrettet av bror sin Tollev, på 9.

- Eg la vekt på dei vanlege tinga når eg bygde; det funksjonelle og det økonomiske. Resultatet vart bra. Føler eg har fått ein byging som lettar drifta og som kan forsvarast investeringsmessig. Heile familien trives godt i fjøset, også ungane! Nybygget har gjort det lettare og tryggare å ta dei med, sidan oversikten er betre. Dette betyr mykje for både meg og kona mi, og det går nå greiare å kombinera rolla som bonde med det å vere småbornsforeldre til 4 ungar frå 1,5 til 9 år, fortel Tore Vikane.

- Kjekt å få besøk, og å gi andre tips, om dei kan ha nytte av det, fortel Tore Vikane, som også arrangerte open gard 8. mai i år, i
samarbeid med Tine og Felleskjøpet, med over 100 store og små på tunet.

- Eg synes dette var ei trivleg og nyttig laurdagsøkt. Godt å kome seg litt vekk frå husnåva heime ei stund. Turen viser at det går an å finne gode døme i "nabolaget", berre ein kikar seg litt rundt. Tiltaket var først og fremst for dei unge. Men kjekt også at nokre frå den eldre garden slengde seg med, sidan turen hadde både ei fagleg og sosial side. Vi fekk flott oppvarting, og ei stor grautgryte på tunet, sikra god kost!, fortel Erik Willgohs, som gjerne rår andre lokallag til å gjere liknande. 
 

Huglingane får omvising.

 

  

Av: Tore Henrik Øye

CorePublish publiseringsløsning