Søk

Du er her:

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Kompetanse: Møtte ungdommen på "mulighetenes messe"

Publisert 24.11.2011

To flotte landbruksambassadørar i ”bondeskjorter”, møtte ungdommen på Nordhordlandmessa nyleg, levande døme på at grøn utdanning fører til noko: Frøydis; bonde på Lindås etter naturbruks-utdanning på Stend og kjøp av gard på den opne marknaden. Svanhild; Høgskulekandidat i husdyrbruk frå Høgskolen i Nord-Trøndelag, nå Fylkesagronom hos Fylkesmannen i Hordaland. To konkrete utdanningsløp og yrkesval innafor dei grøne faga!

Frøydis er lokallagsleiar i Austrheim/Lindås Bondelag, og representerte bondelaget på messa. Svanhild stilde sporty opp,Frøydis (t.v.) og Svanhild (t.h.) i passiar med Marina Stusdal, som peilar seg inn mot hestelina.   for å synleggjere den akademiske sida av landbruksutdanninga.

- Inspirerande å få ungdommen direkte i tale på denne måten. Det var bra sig med skuleelevar innom staden, som vi hadde saman med naturbruksskulane i fylket. Og når dei først tok seg bryet, var det kjempeviktig å informere presist om tilbodet og mogelegheitene dei komande "studentane" står ovafor. Såleis var det kjekt å kunne bruke seg sjølv kring den yrkesretta utdanninga, medan Svahhild trødde til ved spørsmål om høgare utdanning. Og så la vi sjølvsagt vekt på landbruket som ein spanande, variert og ikkje minst meiningsfull yrkes- og utdanningsveg, fortel Frøydis etter økta, tysdagskvelden.

- I så måte synes eg det er viktig å nytte slike utdanningsmesser til generell omdømmebygging, og fortelje at landbruksutdanning til sjuande og sist handlar om matproduksjon og sjølvforsyning. Det er då naturleg å peike på utfordringane framover, med vekst i folketalet, auka behov for mat, klimautfordringar  og sikring av produksjonsarealet vårt. Ja, rett og slett setje det i perspektiv, og trekkje problemstillingane ned på lokalplanet. Bodskapen vert difor å halde jorda i hevd, gjere gras om til menneskeføde og bruke dei ressursane vi har rundt oss. Såleis kjem også verdiane og samfunnsnytta landbruket står for, tydeleg fram, held lokallagsleiaren fram.

 - Norhordlandsmessa er store saker, med mange, proffe utstillarar, som legg mykje ressursar i standen. Konkurransen om framtidas hjernar og arbeidskraft er stor, og det skal mykje til for å nå fram blant oljeinsdustri, teknologibedrifter, databransje og handverkarfag. Men samarbeidet med naturbrukskulane synleggjorde oss, og deltaking på slike messer har sin verdi. Likevel er det også viktig med profilering gjennom andre tiltak og gjeremål, meinar Frøydis, som vart avløyst av Reidar Kongevoll, lokallagsleiar i Alversund/Seim Bondelag, onsdagkvelden. Svanhild hang med begge kveldar!

 

Naturbruksskulane var til stade på utdanningsmessa, her ved Hjeltnes vidaregåande skule Store utstillingsareal vart tekne i bruk. Her under rigginga - "stille før stormen".

Av: Tore Henrik Øye

CorePublish publiseringsløsning