Søk

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Kommunikasjon: "Høyr her!"

Publisert 15.11.2011 - sist oppdatert 16.11.2011

Tillitsvalde i bondelaget deltok nyleg på kurs i kommunikasjons- og presentasjonsteknikk. Der la dei fram innlegg om sjølvvalde tema, med Jack Bjerkvik frå Pratmakaren som kyndig og "streng" rettleiar. - Nyttig å få direkte tilbakemelding på innsatsen. Det var nok litt av kvart å ta tak i. Men nå er vi klare til dyst, med spissa argument, direkte tale og tydelege bodskap, kommenterte deltakarane etter kurset.

Kurset den 15. november inngjekk i bondelaget og samvirket si felles tillitsvaldopplæring, der også representantar frå Tine og NorturaJack Bjerkvik, Pratmakeren. deltok. 

Kvar deltakar fekk i oppgåve å førebu eit innlegg på 3-4 minuttar, med utgangspunkt i ei sak ein er oppteken av. Innlegget vart presentert ved kursstart, og oppdraget var å leggje fram saka slik at den vert hugsa og forstått!

Deltakarane frå bondelaget valgde høgaktuelle og konkrete saker, som nytt meierianlegg på Flesland, rettleingstenesta i landbruket, rekruttering til næringa og bonden sine inntektsvilkår. Dette er saker som engasjerar breitt i organisasjonen, og som gjev innlegga relevans både lokalt og regionalt.

 

Tillitsvalde på kurs: Frå v: Kjetil Mehl (leiar i Omvikdalen Bondelag), Olav Hjeteland Bringedal (leiar i Uskedalen Bondelag), Roar Angelskår (leiar i Eikanger Bondelag), Frøydis Haugen (leiar i Austrheim/Lindås Bondelag og Rannveig Hjelmeland (medlem i fylkesstyret).

Av: Tore Henrik Øye

CorePublish publiseringsløsning