Søk

Du er her:

Kontakt oss på tlf. 55918880 / hordaland@bondelaget.no

Erik og Torunn skal på skulebesøk

Publisert 10.11.2011

Den 6. desember skal Erik Willgohs frå Huglo Bondelag og Torunn Eikeland frå Stord Bondelag besøkje 9. klasse ved Nysæter Ungdomsskule. - Det er Senter for Yrkesrettleing i Hordaland Fylkes-kommune som har bede oss fortelja om næringa vår, og mogelegheitene for utdanning og yrkesval. Dette vert spanande og heilt nytt for oss begge. Men vi må jo sjølvsagt ta utfordringa. For det er ikkje kvar dag vi får ungdommen direkte i tale på denne måten, seier Torunn før dysten.

Bakgrunnen for invitasjonen er at Senter for yrkesrettleiing legg til rette for at 9. klassingar i regionen får besøk av representar fråulike utdanningsretningar i den vidaregåande skulen.

Erik og Torunn førebur nå skulebesøk. Her frå bodstikkestafetten i vår.- Eg vart direkte kontakta av senteret, og for vår del er det naturbruksutdanninga som skal stå i sentrum for informasjonen, seier Torunn, og lurar på om andre lokallag har fått spørsmål om skulebesøk.

- Det vi i så fall vere ein stor mogelegheit for å marknadsføre næringa vår og grøn utdanning. Så det er berre å kline til! Og dersom de ikkje har høyrt noko, kan gjerne interesserte lokallag kontakte opplæringssenteret, føreslår Torunn, og minnar om at det også er hjelp å få hos "Landbrukstunet Kompetanse"; Hordaland Bondelag si eiga satsing på rekruttering og kompetanse i hordalandslandbruket.   

Her finn de informasjon om Senter for yrkesrettleiing.

Les om Nysæter Ungdomsskule her.

Av: Tore Henrik Øye

CorePublish publiseringsløsning