[13.01.2012] Vi har bak oss ein vanskeleg sommar, med avlingstap og redusert fôrkvalitet. Dette kan gjere det krevjande å kome seg gjennom vinteren på ein god måte. Osterøy Bondelag har difor gripe fatt i problematikken, og inviterar til ope møte om tema, onsdag 18. januar, Hauge Ungdomshus, kl. 19.30. Norsk Landbruksrådgiving - Hordaland og Felleskjøpet Agri stiller med faginnlegg, og det vert gjeve praktiske råd ut frå den enkelte sin situasjon!
[21.12.2011] Vi vil bu og skape grobotn for næringsutvikling i Nordhordland. Korleis bruke ressursane i bygdene og på gardsbruka våre til trivsel, næringsutvikling og skapelyst? Alle har ein skatt i hovudet, men dei fleste slit med å få han ut. Ver med på inspirasjonskonferansen på Strilatun i Lindås kommune den 12. januar og få gode råd.
[17.12.2011] Mange lokallag har julemøte for medlemene sine i desse dagar. Det er eit godt høve til å stresse ned litt i julestrida. Bergen Bondelag inviterte medlemene i Bergen og nabokommunane til julefest, medan Uskedalen Bondelag hadde julegrautkveld for sine medlemer.
[13.12.2011] - Vi var 9 stykk som "sala opp", for å sjå på lausdriftsfjøset til Tore Vikane på Neregard i Ølve. Føremålet var å få innblikk i korleis ting kan gjerast,- til inspirasjon og nytte for den yngre garde. Gode løysingar og "mykje fjøs for pengane", er inntrykket vi sit igjen med, fortel Erik Willgohs, initiativtakar og leiar i Huglo Bondelag.
[09.12.2011] Kvart år kan lokallaga søkje om aktive lokallagsmidlar frå Hordaland Bondelag. Styret legg vekt på aktivitet retta mot "folk flest", politikarar og Open Gard arrangement. På styremøtet i dag vert midlane fordelt mellom søkjarane.
[08.12.2011] - Bondekafèen vår om EIGARSKIFTE gjekk flott! 26 deltakar frå både den nye og avtroppande garde, møtte opp i ruskavèret. Fleira av desse er midt oppe i eller nær overdraging. Ivar Halvorsen frå Tveit Regnskap var kjempeflink til å formidla, og kom med mange gode råd. Slike arrangement gjev verkeleg meining, og styret i Ølve og Hatlestrand Bondelag ynskjer å følgje opp tematikken så godt vi kan, fortel leiar Veronica Hellestveit, etter endt dyst.
[07.12.2011] - Oppdrag utført! Føler at presentasjonen av næringa vår og naturbruksutdanninga, gjekk bra. Dei omlag 15 niande- og tiandeklassingane viste interesse for både innhaldet i utdanninga og kva me bønder driv på med. Så er det berre å håpe at interessa vart stimulert ytterlegare - slik at dei seriøst vurderar utdanning og yrkesval innafor landbruket, fortel Torunn Eikeland, leiar i Stord Bondelag, etter besøket på Nysæter Ungdomsskule.
[02.12.2011] Tine tek vekk overproduksjonsavgifta for å auke mjølkeproduksjonen. - Tiltaket kjem altfor seint, seier Osbonde og tidlegare styremedlem i Hordaland Bondelag, Olav Botnevik, til Dagsrevyen.
[24.11.2011] Kvinnheringen har laga eiga industri-, nærings- og opplæringsavis for Kvinnherad, med brei bransjepresentasjon. Kjetil Mehl, leiar i Omvikdalen Bondelag, representerer landbruksnæringa saman med bondekollega Johannes Hjelmeland: "-Samdrift er framtida for oss", seier dei, og skålar for det! Flott artikkel! Flott avis!
[24.11.2011] To flotte landbruksambassadørar i ”bondeskjorter”, møtte ungdommen på Nordhordlandmessa nyleg, levande døme på at grøn utdanning fører til noko: Frøydis; bonde på Lindås etter naturbruks-utdanning på Stend og kjøp av gard på den opne marknaden. Svanhild; Høgskulekandidat i husdyrbruk frå Høgskolen i Nord-Trøndelag, nå Fylkesagronom hos Fylkesmannen i Hordaland. To konkrete utdanningsløp og yrkesval innafor dei grøne faga!
[17.11.2011] Årsmøta i lokallaga er på det næraste i mål - med bravur! Av til saman 35 møte til nå, har fylkeslaget delteke på 30 stk. Mykje spanande har skjedd, og laga i Modalen og på Sotralandet har fått ny energi. I Vaksdal fann dei to laga nytte av å slå seg saman. Det same gjorde laga i Tørvikbygd og Strandebarm. 4 nye lokallagsleiar er komne på plass i løpet av møterunden. Fleire lag hadde temainnlegg med eksterne innleiarar. Og på Voss var det samling i baren på Store Ringheim etter endt dyst.
[16.11.2011] Avgangselvane ved agronomen på Tveit vgs fekk ei innføring i ein bondes kvardag då leiar i Sveio Bondelag, Frode Handeland, stilte opp som lærar for ein dag. – Det er veldig kjekt å verte invitert av skulen til å snakke med elevane, sa Frode, - og elevane er både interesserte og oppegåande. Dei hadde mange spørsmål og fylgde godt med i timen!
[15.11.2011] Tillitsvalde i bondelaget deltok nyleg på kurs i kommunikasjons- og presentasjonsteknikk. Der la dei fram innlegg om sjølvvalde tema, med Jack Bjerkvik frå Pratmakaren som kyndig og "streng" rettleiar. - Nyttig å få direkte tilbakemelding på innsatsen. Det var nok litt av kvart å ta tak i. Men nå er vi klare til dyst, med spissa argument, direkte tale og tydelege bodskap, kommenterte deltakarane etter kurset.
[10.11.2011] Den 6. desember skal Erik Willgohs frå Huglo Bondelag og Torunn Eikeland frå Stord Bondelag besøkje 9. klasse ved Nysæter Ungdomsskule. - Det er Senter for Yrkesrettleing i Hordaland Fylkes-kommune som har bede oss fortelja om næringa vår, og mogelegheitene for utdanning og yrkesval. Dette vert spanande og heilt nytt for oss begge. Men vi må jo sjølvsagt ta utfordringa. For det er ikkje kvar dag vi får ungdommen direkte i tale på denne måten, seier Torunn før dysten.
[27.10.2011] Er det nye styret i Austrheim/Lindås det yngste lokallagsstyret i Norges Bondelag? Med en gjennomsnittsalder på 33,8 år, skulle de ligge godt an til denne tittelen.