Styret i Uskedalen Bondelag arrangerte julegrautkveld for sine medlemer denne veka. Skrivar Tor Ove Haugland stod for grautkokinga og nestleiar Runar Myklebust stod for den praktiske gjennomføringa av møtet.
Oppmøtet var betre en forventa og ein måtte fleire gongar utvida langbordet. Dette til tross for at møtet berre var annonsert på sms ein dag før hendinga.
Lars Haugland fann mandelen og vann den ettertrakta marsipangrisen. Etter grauten var det kaffi og julesjokolade til alle og ein sikkeleg "bondeprat" rundt bordet.
Uskedalen Bondelag har hatt mange sosiale aktivitetar i året som gjekk, og er eit av lokallaga som får aktive lokallagsmidlar.
Bergen Bondelag inviterte måndag til julefest hos leiar i Bergen Bondelag, Arild Nydegger Øvre-Eide.
På Øvre-Eide Gård har dei mange "Jul på låven"-arrangement i desember, men denne gongen var det medlemer og samarbeidspartnarar som fekk oppleve dyra på garden, julegraut, gløgg og gang rundt juletreet.
Dei yngste sette stor pris på hopping i høyet, og ikkje minst fjøsnissen, som delte ut både tran og marsipangris! Fjøsnissen var ikkje så imponert over julesongen til festdeltakarane, og då dei gløymde teksten i nok ein julesong, truga han med å avlyse heile jula! Heldigvis henta dei seg inn att med " På låven sitter nissen", og då vart nissen nøgd.
Også i Bergen Bondelag er det høg aktivitet, og dei er er "faste" mottakarar av aktive lokallagsmidlar. Dei har akkurat fått produsert ei brosjyre om landbruket i Bergen, og er med i mange ulike utval og grupper. I august stode dei for Open Gard, også dette arrangementet gjekk føre seg på Øvre-Eide.


