Mykje ulikt var oppe på årsmøta, i tilleggg til dei vanlege sakene. Sotra og Øygarden Bondelag går friskt ut, og vil satse på sosiale og faglege møteplassar, som bondepub, fjøsopning, motorsagkurs og facebookside for laget. Ungdommen skal prioriterast spesielt. Og reint næringsmessig er de fleire unge medlemmar som byggjer nytt!
Meland Bondelag var oppteken av å finne rett aktivitetsnivå, og å søkje kontakt med andre lag i Nordhordland for samkøyring og felles innsats. Open Gard vart trekt fram som eit aktuelt gjeremål for laget.
Døme på andre tema: hjorteforvaltning, gåseskader, jordvern, landbruksmeldinga, velferdsordningar og rekruttering. Og sjekk denne: Parasittbekjempelse på småfe og klostrideinfeksjonar hjå kalv". Sprekt innlegg, Uskedalen!
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |






