På siste styremøte drøfta styret i Møre og Romsdal Bondelag forvaltningsplan for Reinheimen. Revidert forvaltningsplan var sendt ut av Kontaktutvalet med frist 1. november å kome med merknadar.
Fylkesstyret sendte denne uttalen:
Møre og Romsdal Bondelag har gått gjennom forslaget og mener det i svært stor grad dekker våre synspunkter på forvaltningen. Vi vil også vise til evt lokale merknader.
Vi er tilfreds med at verneområda blir forvalta lokalt av kommunane. Det er avgjerande at kommunane og grunneigarorgan får ressursar til å drive forvaltning, skjøtsel og tilsyn.
Vi vil igjen peike på behovet for næringsutvikling i tilknyting til fjellet som har vore og er ein viktig ressurs for desse bygdene. Det vil bli ei stor utfordring å føre vidare dagens jakt-, fangst- og beitekultur til nye generasjonar og dette bør forvaltningsplanen ha som mål.
Uttaler viser at restriksjonar på mindre bygg er oppfatta som ein av dei største flaskehalsene. Vi meiner at den særhandsaming og tilpassing av vernereglar og grenser som turistforeininga har fått til sine hytter også kan vere aktuell for andre.
Til pkt 4.5.2 Retningsliner for ferdsel og aktivitet vil vi at opplistinga over organisasjonar som er friteke for kravet om innføring i vernereglar m.v. må omfatte grunneigarorganisasjonar.
Til pkt 4.3.2 Utviding av buer § 3.1.3 b : Stryk setningen om at utvidingar skal ikkje leggje til rette for auka overnattingskapasitet. Dette då ein må rekne med at gamle buer er mindre praktisk innretta enn det som er ønskjeleg etter ei mindre opprusting.
Til pkt 7 Romsdalen landskapsvernområde Nye bygg § 3.1.3 a, b, k, l meiner vi ”forbod mot bygging innanfor ei sone på 50 meter frå vassdrag definert som alle elver, større bekkar og vatn som har stadig tilløp” er altfor strengt formulert sjølv om det er opna for dispensasjon då 50 meter er meget lang avstand og aktuelle tomter i fjellet treng naturleg tilgong til vatn.
