Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

- Naudsynt med heimel for vern av verdfull dyrka jord

Publisert 18.12.2009

Styret i Møre og Romsdal Bondelag meiner det er naudsynt med heimel for vern av verdfull dyrka jord ut frå omsynet til framtidig matproduksjon. Dette er også i samsvar med bonden og Bondelaget sine verdiar. Styret ser at verneheimelen vil avgrense også aktive bønder sin råderett over aktuelle jordvernområde. Fylkesstyret vil vere positiv til at det blir starta utgreiing om aktuelle jordvernområde i Møre og Romsdal.

IllustrasjonsbileteDet skriv styret i Møre og Romsdal Bondelag i ei uttale til verneheimel i jordlova for jordvernområde, som har vore ute til høyring.

Møre og Romsdal er mellom dei fylka som over mange år har omdisponert mykje dyrka mark, opp i 1.000 dekar. Fylkestinget vedtok i 2007 dokumentet Jordvernstrategi. Regjeringa har ambisjon om å halvere omdisponeringa av dyrka mark.

I Møre og Romsdal er 28% av landarealet verna etter Naturvernlova. Det er ope om vårt fylke har særlege jordbruksareal som er naturleg å opprette som jordvernområde, eller som Bondelaga bør gjere framlegg om vern av. Spesielt jord i ulike delar av landet egna for matkorn, potet, grønsaker, men også fôr er viktig.

Jordvernområde vil kunne sikre viktige areal ut frå nasjonale behov og stanse lokal omdisponering.

Det vil truleg bli sett i gong arbeid med vurdering av jordvernområde for heile landet. Areala skal vere samanhengande. Forslag kan kome frå styresmaktene, fylkesmann, grunneigarar, organisasjonar. Område under planlegging vil bli bandlagt.

For matprodusentane vil det gi tryggleik for dei mest verdfulle produksjonsareala, men hindre omdisponering, og avgrense oppføring av nye driftsbygg, ny driftsveg, osb ved innføring av søknadsplikt. Frådeling av tomt for t.d. fellesfjøs vil bli vist til udyrka areal. Erstatning vil truleg bli sterkt avgrensa tilsvarande som for vern etter Naturvernlova.

CorePublish publiseringsløsning