Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Bondelagsseminar om bygdeutvikling på Dyregod-dagane

Publisert 26.08.2011

Møre og Romsdal Bondelag arrangerer ope miniseminar om ”Lokalt næringsliv og bygdeutvikling” fredag 2. september kl. 12.00-13.00 i Kulturstuå under Dyregod-dagane på Batnfjordsøra i Gjemnes.

Jon Aasen (Ap)Møt fylkesordførarkandidatane Jon Aasen, Vanylven (Ap) og Helge Orten, Midsund (H) om dei politiske målsettingane.

Dei to fylkesordførarkandidatane vil samtale med Borghild Reenskaug frå Fjørtoft, som er bonde med erfaringar frå næringsutvikling på bygda, styremedlem i Tine Meieriet Vest, rådsordførar i Tine-konsernet og tidlegare styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag.

Helge Orten (H)Fylkesleiar i M&R Bondelag, Inge Martin Karlsvik, vil leie samtaleprogrammet.

Seminaret startar med ein matbit. 

Alle interesserte er velkomne!

Arrangører: Bondelaget i Møre og Romsdal.

 

Seinare på dagen 2. september i messeteltet under Dyregod-dagane vil NRK-radio Møre og Romsdal frå kl. 16.00-17.30 ha direktesendt valsending på radioen der alle partia sine fylkesordførarkandidatar i Møre og Romsdal vert utfordra.

Av: Arild Erlien

CorePublish publiseringsløsning