Søk




 




 

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Møre og Romsdal Bondelag

  • Må få geografisk målretta tiltakspakke for Vestlands-landbruket

    [10.03.2010] Det må kome ei særskild Vestlandspakke som svar på den utviklinga styresmaktene har erkjent i mange år. Vi ventar at mjølkeprodusentane og bøndene på Vestlandet får eit skikkeleg inntektsløft i år og med ein tiltaksplan over fleire år. Dei politiske partia bør gå saman om ein nasjonal dugnad for å sikre framtidig rekruttering og investering i norsk matproduksjon og matforedling slik eit politisk fleirtal fikk til rundt 1975. Det seier Møre og Romsdal Bondelag i sin uttale framfor jordbruksforhandlingane på bakgrunn av uttale frå heile 32 lokale Bondelag.

  • Årsmøtekonferanse: Rekruttering til landbruket i Møre og Romsdal inn i eit nytt tiår

    [08.03.2010] Rekruttering til næringa er temaet for landbrukskonferansen fredag 12. mars 2010 på Hotel Alexandra i Molde. Dette er også første dag av årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag. Medarrangørar er Landbruk Nordvest (tidl. forsøksringane) og Fylkesmannen i Møre og Romsdal ved Landbruksavdelinga. Det er påmeld rundt hundre utsendingar og gjestar.

  • Demonstrasjon av el-bilar under energikonferansen i Ålesund

    Fornybar energi: Småkraft og el-bilar

    [25.02.2010] - Hugs at det er eit stort potensiale for produksjon av meir miljøvennleg, fornybar energi frå småkraftnæringa i fylket, peika prosjektleiar Terje Engvik frå Bondelaget sitt småkraftprosjekt på i eit innlegg under paneldebatten på fornybar-konferansen i Ålesund tidlegare i månaden. Innlegget kom som ein reaksjon på eit innspel om korfor ein skulle satse på el-bilar så lenge Midt-Norge var underskottsområde for straum. Konferansen "berekraftig energiframtid" i regi av Energiregion Møre og Nordea hadde el-bilar og andre tema om energi til transport i fokus på konferansen i år.

  • Småkraft: Mønstring i Haugesund 16. -18. mars

    [22.02.2010] Den årlege småkraftmønstringa går av stabelen i Haugesund 16.-18. mars. Bondelaget sitt småkraftprosjekt vil vere til stades under heile arrangmentet. Nytt av året er startdagen den 16. mars med småkraftseminar i regi av NVE. Dette seminaret er gratis. Her tek NVE føre seg hydrologi, dimensjonering av småkraftverk, nettilknyting, grøne sertifikat og andre aktuelle tema. Fullstendig program for Småkraftdagane og påmeldingslink finn ein på Småkraftforeninga si nettside. Påmeldingsfristen er 1. mars.

  • Naturbruk på Gjermundnes VGS noko for deg?

    [18.02.2010] Mange unge står framfor eit viktig val av vidaregåande skule innan 1. mars. Som tidlegare elev, og som medlem av Skuleutvalet, vil vi presentere deg for spennande mulegheiter på ein flott skulestad som Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes. Det er ein vanleg VGS, men har også spesielle tilbod innan framtidsnæringar. Det skriv nestleiar Inge Martin Karlsvik og organisasjonssjef Gunnar Wentzel i eit avisinnlegg i avisene i fylket.

  • Inge Martin Karlsvik leiarkandidat i M&R Bondelag

    [15.02.2010] Inge Martin Karlsvik (biletet), Eide, er valnemnda sin kandidat til leiarvervet i Møre og Romsdal Bondelag. Arne Magnus Aasen, Tingvoll, har sagt frå seg attval etter seks år som fylkesleiar.

  • Ny stortingsmelding: Det neste tiåret kan ikkje som det siste gi dobla produksjon på gardane og mindre inntekt

    [11.02.2010] - Landbrukspolitikken må ha klår distriktsprofil og sikre gardsbruk med variert bruksstruktur over heile landet. Produksjonsomfanget på gardane er dobla siste tiåret mens økonomien er svekka. Slik kan det ikkje vere inn i det neste tiåret. Spesielt har Vest-Norge med sine driftsforhold kome dårleg ut på dei fleste område trass i at "alle" vil ha dette landbruket. Om vi skal ha denne fantastiske fornybare ressursen i produksjon når olje og fiskeoppdrett er slut, må meldinga gå for distriktstillegg, og arealtillegg utmålt etter driftsulempe som bratt og kantsone. Næringa bør ta utfordringa med produksjon basert på nasjonale areal og eigne krinslaupressursar framfor import og fossilt. Den neste generasjon bønder kan ha mindre formell fagkompetanse enn den som går ut. Styret i Møre og Romsdal Bondelag har også fleire omdiskuterte innspel til debatten om den nye stortingsmeldinga som alle seier skal vere open og fordomsfri.

  • Bondelaget og Fellesforbundet med: Rødgrønn allianse mot sosial dumping og for fagorganisering

    [11.02.2010] Fellesforbundet avd. 065, Bondelaget i Møre og Romsdal og Landbruk Nordvest vil samarbeide for å førebyggje og motverke sosial dumping i landbruket. Dei er også opptekne av at fleire organiserar seg. Dette vart bestemt i eit møte 10. februar på Folkets Hus i Molde.

  • Fræna Bondelag markerte matpakkedagen

    [06.02.2010] Også i år markerte Fræna Bondelag matpakkedagen da de fredag 5. februar stilte opp på Haukås skole i Elnesvågen med matpakker til skoleelevene. Nok en gang en suksess.

  • - Har regjeringen store nok ambisjoner på vegne av norsk landbruksproduksjon?

    [03.02.2010] Statssekretær Ola T Heggem var svært direkte og åpen da han la fram tanker om hvordan næringa kan delta i utforming av ny stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken. Næringa har et oppdrag fra samfunnet. Det er ambisiøst å opprettholde dagens produksjon. En moderat strukturutvikling vil skje uansett politikk. Men Norge er ikke klar for en todeling av politikken mellom et produksjonslandbruk på Jæren, sentrale Østland og Trøndelag, og distriktene ellers i landet. Næringa satser på en god dialog med departementet om framtidas politikk, sa lederen Arne Magnus Aasen på årsmøtet i Samarbeidsrådet for Midt-Norge i det ombygde fjøset på Stokke Gård i Stjørdal.

  • Rigmor A Eide, Næringskomiteen, KrF inviterte seg til Bondelagsskolen

    [02.02.2010] Stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide som representerer Kristelig Folkeparti og sitter i Næringskomiteen inviterte seg til en ettermiddag på Bondelagets kontor til "Landbruksskole". Organisasjonssjef Gunnar Wentzel møtte en spørrelysten og engasjert folkevalgt i gjennomgangen av jordbruksavtala og politiske dokument, og konstaterte at kandidaten har et godt utgangspunkt med sin innsikt i næringsliv generelt.

  • Buggestranda Eresfjord i Nesset

    Inntektene for mjølk og grasbasert husdyrhald i fjord- og fjellbygdene må opp

    [02.02.2010] - Jordbruksoppgjeret må prioritere arbeidskrevjande produksjonar som mjølk og det grasbaserte husdyrhaldet i fjord- og fjellbygdene. Det seier styret i Møre og Romsdal Bondelag i eit innspel til Møre og Romsdal fylke. Nærings- og miljøutvalet i fylkeskommunen handsamer 2. februar sin uttale til departementet. Det er nytt at fylkespolitikarane formelt er bede om å kome med uttale medan det tidlegare var fylkesmannen ved Landbruksavdelinga som ga råd til Landbruks- og matdepartementet. Fylket har i sin innstilling teke med synspunkta frå fylkesbondelaget. Dei lokale bondelaga har også fått fylkesstyret sin førebelse uttale som står under, og kan gi tilbakemelding også til denne om dei ønskjer det innan 25. februar.

  • Nytt ti-år vil ha fokus på: Mat - Miljø - Arbeid

    [07.01.2010] Det nye tiåret vil bli prega av kampen for trygg mat og reint vatn, miljøvenleg produksjon og forbruk, produktivt verdiskapande arbeid, og utdanning og kunnskap.

  • Inntak av vatn til kraftverk inne i verna områder med stort potensiale for småkraftverk

    [07.01.2010] Viser til interessant oppslag i Romsdals Budstikke 6. januar, også på rbnett.no, der det heter at ”alle stortingsrepresentantene fra Møre og Romsdal støtter Rauma Energi i kravet om å utvide kraftverk i området Stortinget har verna”. - Dere er trolig oppmerksom på en tilsvarende utfordring rundt inntak av vatn til mindre småkraftverk inn mot og litt innenfor vernegrensene. Småkraftverk på Sunnmøre, i Romsdal og på Nordmøre viser gjerne igjen i gode resultat ved samarbeid, nysatsing på fjøs av de samme eiere, og optimisme i bygda. Dette skriver organisasjonssjef Gunnar Wentzel i en melding til stortingsrepresentantene fra Møre og Romsdal på bakgrunn av deres uttalelser.

  • Bladet Vestlandsk Landbruk i framtida

    [04.01.2010] - No må vi ut og spørje eigarane og lesarane av Vestlandsk Landbruk om kva for ynskje dei har for bladet i framtida, seier styreleiar Terje Engvik i bladet etter at Nortura har vedteke å gå ut av samarbeidet mellom landbruksorganisasjonane om det 95 år gamle fagbladet Vestlandsk Landbruk, som mellom anna har til målsetjing å auke oppslutninga om landbrukssamvirket. Nortura si oppseiing har samanheng med kostnadskutt-arbeidet og vil gjelde frå 2011.

  • Småkraft: NVE parkerer konsesjonssøknader

    [28.12.2009] - Det er lite tilfredsstillande at ein del søknader om småkraftkonsesjon no vert lagt fullstendig på vent, seier prosjektleiar Terje Engvik i Småkraftprosjektet som ein kommentar til nyhenda frå NVE om at 24 søknader i Vestlands-fylka vert lagde til side som følgje av mangel på nettkapasitet. - Det er heller ikkje i samsvar med oppmodinga frå Statnett og dei områdeansvarlege energiselskapa då dei sist sommar varsla at nye småkraftverk med konsesjon etter 1. april 2009 ikkje kunne få nett-tilknyting før sentralnettet mellom Fardal og Ørskog var rusta opp, seier Engvik.

  • Treng fleire tiltak for å løyse miljøutfordringane

    [21.12.2009] Matproduksjonen vil måtte auke i Norge og på verdsbasis for å dekkje aukande matbehov. Det vil ha både positiv og negativ miljøeffekt. Likevel er landbruket ein del av løysinga på miljøutfordringane, skriv fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag i sin høyringsuttale til stortingsmelding nr 39 om klimautfordringane og landbruket.

  • - Naudsynt med heimel for vern av verdfull dyrka jord

    [18.12.2009] Styret i Møre og Romsdal Bondelag meiner det er naudsynt med heimel for vern av verdfull dyrka jord ut frå omsynet til framtidig matproduksjon. Dette er også i samsvar med bonden og Bondelaget sine verdiar. Styret ser at verneheimelen vil avgrense også aktive bønder sin råderett over aktuelle jordvernområde. Fylkesstyret vil vere positiv til at det blir starta utgreiing om aktuelle jordvernområde i Møre og Romsdal.

  • Småkraft: Info-samarbeid med Småkraftforeninga

    [09.12.2009] - Det er framleis stor trong for informasjon til fallrettseigarane om mulegheitene for å byggje ut småskala kraftverk med størst muleg lokal verdiskaping. -Tilhøva ligg til rette for eit godt samarbeid mellom Småkraftprosjektet i Bondelaget og Småkraftforeninga om informasjonsarbeid, slår prosjektleiar Terje Engvik i prosjekt småskala kraftverk fast etter å ha deltatt på årsmøta i lokalforeiningane av Småkraftforeninga i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal nyleg. Også i Hordaland er det utsikter til at Småkraftforeninga vil etablere ei lokalforeining.

    1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7     Neste »
Viser fra 1 til 19 av totalt 132 artikler

Møre og Romsdal Bondelag besøksadresse: Fannestrandsveien 63 (Felleskjøpet), Molde. Postadr: Postboks 2047, 6402 Molde. Tlf: 71 20 28 90. Mobil: 907 29 582
more.romsdal@bondelaget.no
Ansvarlig redaktør Gunnar Wenzel, internettansvarlig Arild Erlien

     

Kalender

Mars 2010
Ma Ti On To Fr
1234567
89101112

Dette skjer 12.03.2010:

13

Dette skjer 13.03.2010:

14
15161718192021
22232425262728
293031    
       
CorePublish publiseringsløsning