15.11.2011 kl. 19:30 til 17.11.2011 kl. 19:30
- Fallrettane representerer store verdiar for bøndene. Målet er å få utnytta desse slik at den lokale verdiskapinga vert størst mogleg. Når tilhøva ligg til rette for det, oppnår ein dette best ved at fallrettseigarane tek styringa og bygger sitt eige kraftverk, seier prosjektleiar i Bondelaget, Terje Engvik, (biletet) i prosjektet ”Småskala kraftverk – næringsveg i bygdene på Vestlandet”.
Kveldsmøta med informasjon om bygging av kraftverk blir halde etter denne planen:
Sunndalsøra Hotel- tysdag 15. november kl. 19.30
Stranda Hotell- onsdag 16. november kl. 19.30
Eidsåtunet i Vanylven- torsdag 17. november kl. 19.30
På kveldsmøta vil prosjektleiar Terje Engvik frå Bondelaget ta føre seg fallrettar, grunneigarsamarbeid og utbyggingsmodellar.
Henning Tjørhom frå Småkraftkonsult AS vil orientere om vegen til konsesjon og eige kraftverk.
Dagleg leiar Henrik Glette i Småkraftforeninga vil informere om småkraftøkonomi og rammevilkår.
- Mange småkraftfall er allereie utbygd eller ligg i konsesjonskø. Andre er i ein prosess med vurdering av utbygging. Då står ofte valet mellom å overlate styringa til eit utanforståande selskap eller å bygge ut kraftverket i eigen regi. Nokre fallrettseigarar har ikkje starta planleggingsprosessen enno. Elsertifikatordninga som kjem frå 2012, vil auke lønsemda i næringa og interessa for småkraftutbygging, sjølv om det for mange kan bli knapp tid til å rekke fristen for ferdig utbygd kraftverk, som er utgongen av 2020, seier Terje Engvik.
Alle som er interesserte i desse spørsmåla, får høve til ei fagleg oppdatering på kveldsmøteserien.
Det vert kaffipause med servering på møta.
Påmelding sendast til:
post@smakraftverk.com eller terje.engvik@bondelaget.no snarast og seinast 2 dagar før møtet.
Alternativt kan ein melde seg på pr. telefon til 93 23 30 10 eller 97 51 71 11.