Søk

Du er her:

Ledige plassar på samling for unge nye bønder 28.-29. januar 2012

28.01.2012 kl. 11:00 til 29.01.2012 kl. 13:30

Vi har fortsatt ledige plassar på Møre og Romsdal Bondelag si samling for unge/nye bønder laurdag 28. og søndag 29. januar 2012 på Rica Seilet Hotel i Molde. Samlinga har som målsetjing å gje nye/unge bønder ein god start i yrket og aktuell kunnskap om næringa. Det blir særleg sett fokus på saker og oppgåver som bør vera aktuelle for nye unge bønder. Gratis for medlemar i Norges Bondelag under 35 år. Påmelding snarast.

 Vi har bra med påmeldinger, men har fortsatt ledige plassar til samlinga, og difor denne påminninga no. Kjenner du nokre som kan ha interesse av å delta, ta kontakt og be dei snarast melde seg på til fylkeskontoret på e-post more.romsdal@bondelaget.no eller tlf. 71202890.

Foreløpig program pr. 17. januar - klikk her

Tilbakemeldingar dei siste åra er at desse samlingane har fungert godt og vore til inspirasjon både fagleg og sosialt.

Program og namneliste vert sendt direkte til dei som er påmeldte til no.

 

 

Møre og Romsdal Bondelag gjentek suksessen frå tidlegare år,  samlinga i januar 2011 samla over 80 unge nye bønder - sjå omtale på M&R Bondelag si heimeside - klikk her.

Samlinga i 2012 blir halde frå laurdag 28. januar om formiddagen til søndag 29. januar om ettermiddagen.

Invitasjonen i PDF - klikk her

Eksempel på aktuelle tema:

  • Status for landbruket i fylket – utfordringar for nye/unge bønder.
  • Å styra garden som bedrift - økonomi og driftsplanlegging.
  • Aktuelle næringspolitiske tema som er særleg aktuelle for nye/unge bønder.
  • Økonomiske verkemidlar, satsingsområder og finansieringsmuligheter.
  • Erfaringsutveksling og råd til unge/nye bønder.

Bidragsytarar under kurset er sentrale personar i landbruksorganisasjonane  i fylket, samt bønder som bidrar med å utveksla sine erfaringar.

Over 80 unge,nye bønder var med på tilsvarande samling i januar 2011 (Arkivfoto: Arild Erlien)Meir detaljert program for og deltakarliste vert sendt påmeldte deltakarar, og lagt ut på heimesida.

Kursavgift:

Medlemar i Norges Bondelag under 35 år har gratis kurs og opphald.

Kursavgift kr. 1.500 for andre deltakarar og for dei som har deltatt på tilsvarande samling før

 

Kursstaden Rica Seilet Hotel i Molde har gode fasilitetar, m.a. i tilknytning til Moldebadet, Bris Treningssenter og Cosmopol SPA.  Sjå http://www.rica.no/seilet

 

Påmelding med info om namn, e-post og mobil snarast  til

Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90

eller e-post:  more.romsdal@bondelaget.no.

eller på heimesida: www.bondelaget.no/moreogromsdal

 

Send påmelding direkte til e-post more.romsdal@bondelaget.no  - Klikk her

CorePublish publiseringsløsning