Fylkeslaget har kvar haust dei siste åra halde temadag om eigarskifte. Ole Houlder Rødstøl er partnar i advokatfirmaet Øverbø Standal & CO i Molde og samarbeidsadvokat for Møre og Romsdal Bondelag. Han har særlege arbeidsområde knytt til generasjonsskifte, forretningsjuss, odelsrett og skatt/arveavgift. Han har sjølv drive eigen gard med dyr i Molde.
Temadagen hadde ikkje som formål å setje deltakarane i stand til å gjennomføre eit eigarskifte på eiga hand med utfylling av alle skjema. Derimot var det fokus på regelverk for planlegging og gjennomføring av eigarskifte, og kva ein bør vere merksam på av økonomiske og menneskeleg omsyn. Advokaten var oppteken av at familiane må vere flinke til å samtale framfor eit eigarskifte. I levande live sel eigar garden til kven ein vil og til den pris partane blir samde om anten det er odel eller ikkje.
Under temadagen hadde samarbeidsadvokat Ole Houlder Rødstøl ein gjennomgang av sentrale tema som t.d. odelsrett, særeige eller felleseige, uskifte bu, sambuarar, skatt og avgift, overdragingsformer, takst, kjøpesum, tidlegpensjon, m.m. Ole Rødstøl trakk fram ei rekkje døme på kva som var lurt og kva ein ikkje burde gjere anten det var mellom-menneskelege eller økonomiske forhold.
- Målgruppe for temadagen var alle som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess. Sjølve prosessen kan ta lang tid og det er viktig å inkludere og involvere alle berørte partar, unge og eldre generasjon. Kurset var gratis som ein medlemsfordel for medlemar i Norges Bondelag, men ope for andre.




