Søk

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Inspirerande rekrutteringssamling

Publisert 31.01.2012 - sist oppdatert 02.02.2012

Bondelagets samling for unge, nye bønder i Molde 28. og 29. januar gav dei 25 deltakarane godt med fagleg påfyll og motivasjon til å satse på ei framtid som bønder. Presentasjonsrunden ved opninga av samlinga viste imponerande bakgrunn og framtidsplanar til mange av dei nye næringsdrivande.

Samlinga på Rica Seilet Hotell i Molde hadde mange engasjerande og tankevekkande innlegg. Men minst like viktig på ei rekrutteringssamling for unge nye bønder er det sosiale samværet og det å bli kjent med og utveksle tankar og idear med andre som er i same situasjon. For alle har det same imponerande pågangsmotet – dei satsar på ei framtid som bønder. Erfaringa er også at svært mange av desse unge i framtida blir engasjerte medlemer og tillitsvalde i landbruksorganisasjonane.

Råd til unge bønder

Råd til unge bønder om det å vere ny bonde, vart teke opp av tre unge engasjerte kvinnelege bønder; Bente Bjerkeset Solenes, Gjemnes, Jorunn Gunnerød, Molde og Eldrid Mordal Sollid, Fræna. Her var tre opne og direkte innleiarar med kvar sin innhaldsrike presentasjon av seg og sin gard.

 Bente Bjerkeset Solenes (36) frå Gjemnes driv mjølkebruk med150 tonn. Ho har tre barn og ein mann som jobbar full tid utanom bruket. Ho slutta i gamaljobben og overtok garden i 2005, som var eit tradisjonelt båsfjøs frå 1975 og ombygd i 1995 til lausdriftsfjøs. I senare tid har dei bygd om alt i fjøsen og satt inn nytt - nye dragere i gjødselkjellar, spalter, forbrett og innreiing. I tillegg er mjølkestallen utvida frå fire til seks plassar, samt nytt mjølkeanlegg. Sjølv om ho kanskje om nokre år kan kome opp i 200 tonn, vil ho sikkert framleis føle å ligge under gjennomsnittet.

- Eg ville ikkje ha bytta og gjort ting annleis. Med det eg veit i dag, så hadde eg gjort det same valet no som det eg gjorde for sju år sidan, sa Bente Bjerkeset Solenes.

Ho oppfordra unge nye bønder til å engasjere seg. Bente er nestleiar i Gjemnes Bondelag. - Ved å delta på møter og snakke med folk, får du mange tips, ny inspirasjon og nye idear. Og mitt råd til alle, det meste ordnar seg. Legg du frå deg den lange lista over det du skulle ha gjort, jo lettare og enklare blir kvardagen.

Jorunn Gunnerød (35) har hovedansvaret for garden Langhol Gård ANS på Istad, Kleive. Garden har 4 andelseigarar som også hjelper til. Bruket har ei mjølkekvote på 620 tonn/75 årskyr, samt at det blir levert ca 1200 slaktegris pr år. Garden er satellitt i Rypdal Purkering. Gardsdrifta starta i 1974 med båsfjøs, endra til lausdrift i 1994, og i 2006 vart mjølkerobot installert.

- Med robot har det blitt ein heilt anna kvardag, eg kan ikkje forstår korleis vi skulle klart oss når vi har små ungar, sa ho.

Ho var oppteken av å sjå på det ho kalla dei andre sidene ved det å vere bonde. Langhol Gård bruker garden til også andre ting, m.a. inviterer dei barnehagar på besøk.

- Mange barn har i dag ikkje kontakt med dyr. Det er viktig at vi som er i næringa inviterer og viser oss fram.

Jorunn Gunnerød, som er styremedlem i Norsvin Møre og Romsdal, gav også råd om å engasjere seg i organisasjonane. Ho synest det er morsomt å engasjere seg, hyggeleg å kome vekk av og til. Det er ei måte å få fri på.

- Vær ivrig og spør, vi har mange gode organisasjonar og gode organisasjonsapparat i landbruket. Og vi diskuterer fag. Det er alltid noko å lære av andre som driv det same.

Vær stolte bønder, dere har valgt det, vis det fram. Bonden har stor aksept. Vi må tørre å vise oss fram, sa ho, og la til: Ta fri med god samvittigheit, sjå på kva du har gjort, ikkje kva du burde ha gjort. Ein skal glede seg over dei små måla som er muleg å nå.

Eldrid Mordal Sollid (40) tok over garden på Tornes for to år sidan og driv med mjølkeproduksjon og kjøt/storfe, 700 dekar, 300 tonn kvote og 150 dyr på garden. Heile familien har stilt opp i perioden med eigarskifte. Det er Eldrid som driv garden, jobbar i lag med faren, mens mannen har arbeid utanom. Dei har fire barn.

- Det var inga sjølvfølge at eg skulle bruke odelsretten min og overta garden. Eg brukte lang tid på å finne ut om eg skulle overta. Og det var aldri noko press frå foreldra.

Ho har utdanning i økonomi og administrasjon frå Høgskolen i Molde, og har ulike kontorjobbar bak seg. Etterkvart slutta ho i jobben og tok til å arbeide på garden saman med faren. Dette gav meirsmak, og for to år sidan tok ho over.

Ho ser mange utfordringar og stort behov for opppussing. Fjøset kallar ho eit klattverk av påbygingar. Det er fleire investeringar som må gjerast for å forenkle arbeidet på garden.

- Og det er eg som er mjølkeroboten på garden, og som har ansvar for småkalvar og å følgje med dyra. Far og mannen min er slavane mine, dei står for foring og kjører traktor. Vi har ikkje kome dit at vi har begynt å vurdere robot, eg er ikkje lei av å mjølke enno, sa ho,

Det som drog Eldrid Mordal Sollid til yrket, var ei blanding av tradisjon, heimplass, interesse for dyr og oppveksten for barna. Og du må ha eit snev av idealisme i deg, ein blir ikkje bonde for å bli rik og ha mykje fri.

Som ny i bondeyrket føler ho seg godt motteken over alt – frå organisasjonar og rådgjevarar.

- Men det er nok nokre menn som enno ikkje har forstått at damer kan vere sjefen på garden! Heldigvis er det ikkje så ofte det skjer lengre.

Også ho var oppteken av å engasjere seg i ei eller anna form, på den måten kan ein vere med å påverke lokalsamfunnet eller i næringa vår.

- Vi får stadig vekk høyre negative ting om næringa vår. Men i staden bør vi bli flinkare å fokusere på dei som satsar og på det som er positivt i næringa. Berre her i forsamlinga er det mange nye bønder som saman med oss andre skal utgjere næringa i åra framover. Og vi bønder må forsøke å møte opp på dei sosiale arenaene vi har. Det er veldig greitt å ha likesinna å snakke med. Det har mykje med trivsel å gjere. Kanskje er det med på å gjere forskjellen mellom at ein held fram i yrket eller gir opp. For bondeyrket i dag kan jo vere ganske ensomt, eg kjenner på saknet av kollegaer av og til. Vi som bønder må begynne med oss sjølve, vi må tenkje positivt om yrket vårt og spreie den glade bodskap, sa Eldrid Mordal Sollid.

Å vere ung bonde før og no

Konservator Mads Langnes frå Romsdalsmuseet gav forsamlinga eit meget godt innblikk i utviklinga i landbruket og det å vere ung bonde før og no. I eit pågåande doktorgradprosjekt har han arbeidd mykje med norsk utskiftings- og jordskiftehistorie, og kom inn på fleire sider ved dette i foredraget sitt.

Langnes fortalde om Landhushaldningsselskap på 1700- og 1800-talet, som gjekk over til å bli landbruksselskap, og som var ganske likt det Bondelag og landbruksstyresmakter arbeider med i dag. Dei ville spreie opplysning, dei ville innføre nye driftsmåtar, nye frøsortar, nye måtar å foredle mjølka til ost, smør, og ikkje minst ivra dei for grøfting og drenering, nydyrking og oppdyrking av myr. Og dei arbeidde med betre avsetningsmoglegheiter.

Vidare nemnte han meieria som dukka opp som paddehattar i løpet av 1890-talet. I Møre og Romsdal var det om lag eit halvt hundre meieri i løpet av dette tiåret.

Langnes kom grundig inn på korleis dei før i tida organiserte gardsstrukturen, fellestun, teigblandingar, innmarksutskifting. Og korleis det var å leve på ein gard og i eit tun tidlegare.

Aktiv og attraktiv organisasjon

Fylkesleiar Inge Martin Karlsvik presenterte Norges Bondelag som ein aktiv og attraktiv organisasjon for unge bønder, og tok for seg ulike organisasjonssaker og dei mange medlemstilboda som Bondelaget har. Vidare tok han føre seg næringspolitikk og faglege utfordringar, m.a. den norske landbruksmodellen, at rekruttering til landbruket er ei utfordring. – Vi har mange verkemidlar i landbruket, men gode inntektsmoglegheiter er det viktigaste verkemiddelet for å nå landbrukspolitiske mål, sa Karlsvik.

Han drøfta også med forsamlinga innhaldet i den nye landbruksmeldinga.

- Personlig hadde eg håpa at meldinga var meir konkret. Ho er for rund etter min smak om korleis vi skal føre landbrukspolitikken framover. Det viktigaste målet som vi synes er positivt er auka sjølvforsyning av mat. Det er viktig med mål om auka matproduksjon

Erfaringar med eigarskifte og utbygging

Inge Martin Karlsvik delte også med forsamlinga sine erfaringar med eigarskifte og utbygging av garden sin på Eide. Han bygde nytt fjøs vinteren 2007/2008 og gjekk frå ei kvote på 128 tonn til idag 425 tonn totalt. Han var glad for valet han tok med å installere mjølkerobot, og oppsummerte med at han sparer 2,5 timer pr dag, er blitt meir fleksibel men samtidig bunde, kostnader til drift er akseptable, men anlegget er sårbart for feil.

Styre garden som bedrift

Lasse Krogseth, til dagleg rådgjevar i økonomi og strategi i TINE Midt-Norge, tok grundig for seg det å styre garden som bedrift. Han tok opp økonomistyring, driftsplanlegging, utfordringar, ansvar, plikter og resultat. – Dei som har klare mål for drifta vil gjere det best, sa han.

Han trakk fram dette som kjenneteikn på ei suksessbedrift: Har klare og synlege mål. Periodisk og systematisk gjennomgang av drift og bedrift. Planlegg for endring – styrer i staden for å bli styrt. Samsvar mellom måla med drifta og eigne/gardens fortrinn.

Kjenneteikn på ei problembedrift er m.a. at ein manglar evne til endring, omstilling, fornying, manglar  evner til å inngå alliansar, ser negativt på konkurranse, og manglar forståing for økonomiske ”naturlover” .

Robot og innandørsmekanisering

Organisasjonssjef i M&R Bondelag, Arnar Lyche, presenterte bønders erfaringar med mjølkerobot og innandørsmekanisering. Han besøkte og intervjua i sin tidlegare jobb i Landbruk Nordvest fem bønder på Nordmøre og i Romsdal.

I dag vert kvar femte ku mjølka av robotar, nesten alle nye fjøs blir levert med robot, og antalet er meir enn tredobla dei fem siste åra. Enkelte hevdar at mjølkeroboten er den største tekniske nyvinninga i mjølkeproduksjonen sidan mjølkemaskina kom i bruk, og at det er eit tidsspørsmål før den overtek all mjølking her i landet. Andre er meir skeptiske og nokre meiner den gjer bonden til slave av teknologien.

Føringar for utviklinga i landbruket

Rekrutteringssamlinga på Seilet Hotell i Molde vart avslutta med eit tankevekkande og inspirerande innlegg av æresmedlem i Møre og Romsdal Bondelag, Guttorm Kjelsvik, Vestnes. Han såg landbruk i perspektiv – om næringspolitikk, bønder og organisasjonar - og kva som legg føringar for utviklinga i landbruket.

CorePublish publiseringsløsning