Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Trollheimen må heilt ut av yngleområdet for jerv neste år

Publisert 12.10.2010

Møre og Romsdal Bondelag kravde alt da første forvaltningsplan etter det nye rovdyrregimet vart vedteke for åtte år sidan at Trollheimen skulle vere prioritert som beite- og kulturlandskapsområde og fri for ynglande jerv. Målet om tre ynglande jerv i vårt fylke er meir enn oppfylt innan dei store høgfjells- og landets største verneområde Dovre-Sunndal og Reinheimen.

Det skriv fylkesleiar Inge Martin Karlsvik (t.v.) og organisasjonssjef Gunnar Wentzel i eit lesarinnlegg til media i forkant av møtet om rovdyrsituasjonen på Sunndalsøra torsdag 14. oktober. Det er med bakgrunn i årets skadesituasjon med omsyn til rovvilt at ordføraren i Sunndal, Ståle Refsti, har invitert sauehaldarne i kommunen til eit møte om situasjonen.

Her er lesarinnlegget frå fylkesleiar Inge Martin Karlsvik og organisasjonssjef Gunnar Wentzel:

Trollheimen må heilt ut av yngleområdet for jerv neste år

Møre og Romsdal Bondelag kravde alt da første forvaltningsplan etter det nye rovdyrregimet vart vedteke for åtte år sidan at Trollheimen skulle vere prioritert som beite- og kulturlandskapsområde og fri for ynglande jerv. Målet om tre ynglande jerv i vårt fylke er meir enn oppfylt innan dei store høgfjells- og landets største verneområde Dovre-Sunndal og Reinheimen.

Møre og Romsdal Bondelag vil difor igjen krevje at  resten av Trollheimen bli teke ut av yngleområdet no saman med Oppdal og Rennebu frå neste beitesesong. Dersom det blir arbeidd vidare med planar om nasjonalpark i Trollheimen må kulturlandskap og beitebruk vere hovudføremålet og ikkje rovdyr. Det har vore behov for dei gode fjellbeita i Trollheimen også for dei kringliggjande bygdene på Nordmøre. Vidare er det mål om to ynglande gaupe på nordre Nordmøre slik at byrdefordelingsprinsippet også støtter eit slikt vedtak.

Diverre hadde vi tidlegare lite støtte for vårt syn regionalt og har fått en del kjeft for det. Også lokale avlslag stod fast på byrde-fordelingsprinsippet om at ein skulle smøre rovdyra tynt utover, og så vart det betre for alle. Vårt syn, som vi meiner no er bevist, er at det fører til meir rovdyr overalt og umuleg forvaltning. Ut frå talet på observasjonar og felte dyr over store delar av regionen, er bestandet av rovdyr og spesielt jerv langt større enn oppgåvene viser og ute av kontroll.

Det er ikkje enkelt for oss å foreskrive ynglande jerv til andre fjellområde sjølv om der er naturlege byttedyr i form av villrein. Men  Trollheimen oppfyller alle kriteria som er sett opp for skadefelling i samband med geografisk differensiert forvalting: Verdi som beitemark. Omfang og utvikling av skadar på sau og tamrein. Mulegheitene for førebyggjande tiltak er vanskelegare enn i mange andre høgfjellslandskap ut frå topografi og vegetasjon.

Vi er glad for at Rovviltnemnda sin leiar og forvaltningsstyresmaktene for vårt fylke har vore på banen for å avbøte den tragiske situasjonen for dei som driv med husdyr i området. No er det eit politisk ansvar å prioritere næring, landskap og levande husdyr på Nordmøre.

Inge Martin Karlsvik, leiar

Gunnar K. Wentzel, org.sjef

Møre og Romsdal Bondelag

CorePublish publiseringsløsning