Styret i Møre og Romsdal Bondelag utnemner kvart år eit «Aktivt Lokallag» som har hatt god og høg aktivitet over lang tid. Sykkylven Bondelag har siste året halde mange møter, utadretta aktivitetar og teke initiativ til tiltak i bygda.
Sykkylven Bondelag kunne i fjor vise til ei auke på heile 25 nye medlemmer, og vil truleg vere ein kandidat som kan gå heilt til topps i kåringa til beste lokallag i Norges Bondelag på årsmøtet i juni.
Tidlegare lokallagsleiar Hans Jakob Hatlestad har verva svært mange av dei 25 nye medlemmene, og vart heidra på fylkesårsmøtet. Han er årets ”supervervar” ved å ha verva svært mange av dei nye medlemmene i Sykkylven Bondelag i 2009. Han har halde fram vervearbeidet på nyåret, og sto pr. fylkesårsmøtet for verving av heile 27 nye medlemmer i Sykkylven Bondelag på kort tid.
Ellers i grunngjevinga vart det peika på at Sykkylven Bondelag har sendt uttale foran jordbruksforhandlingane, hatt informasjonsaksjon med utdeling av aviser før jordbruksforhandlingane. Lokallaget har sidan 1998 arrangert på eigen hand eller vore medarrangør av Open Gard heile ni gonger, seinast i 2009.
Årsmeldinga ellers viser mange andre og varierte aktivitetar, mellom anna møter og studieringar om kravet til kompetansebevis i dyrevelferd, teke opp miljøtiltak, fokus på fagmiljøet i bygda, kalktinging og plastinnsamling, og engasjement mot planlagt ny stor høgspent kraftline gjennom bygda.
