Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Svekka importvern knekker nakken på norsk landbruk

Publisert 31.10.2011

- Å svekke importvernet vil vere å knekke nakken på norsk landbasert matproduksjon og næringsmiddelindustri. Landbruket vil aldri kunne greie å kompensere driftsulempene knytt til klima, geografi og kostnadsnivå om vi er aldri så dyktige. Det er viktig å hugse at berre matvarer vi har gode føresetnadar for å produsere sjølve har tollvern. Mesteparten av maten er importert utan toll. Det skriv nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Birgit Oline Kjerstad, (biletet), i eit lesarinnlegg.

Her er heile lesarinnlegget som er sendt media:

Svekka importvern knekker nakken på norsk landbruk

Det stormar rundt norsk landbrukspolitikk og importvernet i samband med den varsla Landbruksmeldinga og matmaktutvalet sin rapport som er på høyring.

Konkurransedirektøren, Christine Meyer, hevda på Dagligvaredagen under Matfestivalen i Ålesund og i ein kronikk i Dagens Næringsliv at norsk praksis av importvernet er uforutsigbar og fungerer som uoffisiell proteksjonisme av norsk landbruk og næringsmiddelindustri. Ola Rygh i Statens Landbruksforvaltning (SLF) svarer på kritikken i eit innlegg i DN 11 juli der han viser til at påstandane frå konkurransedirektøren er alvorlege og grunnlause. På dagligvaredagen  argumenterte konkurransedirektøren for å redusere importvernet for å lette etablering av utanlandske dagligvarekjeder i Norge. Dette for å få meir konkurranse i dagligvaremarknaden.

I fylgje analysebyrået Nielsen, og motmeldinga til matmaktutgreiinga frå foreininga Virke, har vi i Norge det største butikkarealet pr. innbyggar i Nord-Europa. Det er med andre ord ganske stor kapasitet  og til dels overkapasitet på butikkar mange stader i høve til kundegrunnlaget. I ein slik situasjon kan ein spørje seg om rette medisinen er svekka importvern og fleire butikkar, slik konkurransedirektøren foreslår? Vil etablering av  utanlandske kjeder og meir import av mat føre til effektiv bruk av samfunnet sine ressursar?  Eller vert konsekvensen heller ein lite berekraftig økonomi i verdikjeda for mat med påfylgjande press på arbeidsmiljø i daglegvarehandelen, norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk?

Konkurransetilsynet  si oppgåve er:”Å fremme konkurranse for å bidra til effektiv bruk av samfunnets ressurser.” - ikkje redusere bruken av ressursane.

Å svekke importvernet vil vere å knekke nakken på norsk landbasert matproduksjon og næringsmiddelindustri. Landbruket vil aldri kunne greie å kompensere driftsulempene knytt til klima, geografi og kostnadsnivå om vi er aldri så dyktige. Det er viktig å hugse at berre matvarer vi har gode føresetnadar for å produsere sjølve har tollvern. Mesteparten av maten er importert utan toll. I landbrukspolitikken er forbrukarane verna mot sterk prisvekst gjennom målprissystemet. Ved pris over målpris i meir enn fjorten dagar vert det opna for reguleringsimport til redusert toll for å dempe prisveksten.

Matmakt er eit viktig politisk tema i mange europeiske land. EU kommisjonen seier i sitt notat av 18.nov. 2010, at markedet ikkje betaler for berekraft. Kva politiske grep som kjem ut av den konklusjonen er uvisst, men den syner at konkurranse slett ikkje sikrar ei berekraftig utvikling i verdikjeda for mat. Når det i dei neste tiåra er mangel på mat, rettferdig fordeling, klimaendringar og ”peak-oil” som er dei store globale utfordringane, burde berekraft vere viktigare enn stadig billegare mat i samfunnsdebatten.

Konkurransen må fylgjast av ein ansvarleg politikk som sikrar produksjon av trygg og sunn mat, ein berekraftig økonomi, god dyrevelferd og anstendige arbeidsvilkår for alle som arbeider i verdikjeda for mat.

Birgit Oline Kjerstad

Nestleiar Møre og Romsdal Bondelag

Frå Haramsøya i Haram kommune.

Av: Arild Erlien

CorePublish publiseringsløsning