Ho fortel at landbruks- og matminister Lars Peder Brekk signalisererte ingen vesentleg endra kurs i landbrukspolitikken trass i eit svært ambisiøst mål om å auke matproduksjonen i takt med den forventa folkeveksten i Norge, 20 prosent vekst dei neste 20 åra.
- Vi vart fortalt at noverande politikk med produksjonsfordeling, importvern, marknadsregulering og landbruk over heile landet skal vidareførast. Statsråden varsla meir målretta regionale midlar og distriktsverkemiddel, og understreka at både store og små bruk skal ha livets rett også i framtida. Korleis verkemidla blir utforma er enno ikkje bestemt, men dei skal svare meir presist på utfordringane til utviklinga av landbruket på deler av Vestlandet, Agderfylka og i Nord Norge, seier Kjerstad.
Representantar frå alle fylkesbondelaga på Vestlandet deltok på møtet i Førde måndag kveld. Bjarte Myren, første vara til styret for Sogn og Fjordane Bondelag, var ein av dei fire som heldt eit førebudd innlegg og utfordra landbruksminister Lars Peder Brekk i samband med framlegginga av Stortingsmelding nr.9 om mat og landbruk.
- Mykje vil avhenge om kva verkemidlar som fylgjer meldinga i åra som kjem, sa Bjarte Myren i sitt innlegg til statsråden og forsamlinga beståande av bønder, politikarar og andre med tilknyting og interesse for landbruk og bygdepolitikk.
