Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Rovviltnemnda lytta til Bondelagets krav

Publisert 20.10.2010

- Det er meget gledeleg at ei samrøystes rovviltnemnd i region 6 på sitt møte tysdag no foreslår jervefritt beiteområde i Trollheimen. Møre og Romsdal Bondelag kravde alt da første forvaltningsplan etter det nye rovdyrregimet vart vedteke for åtte år sidan at Trollheimen skulle vere prioritert som beite- og kulturlandskapsområde og fri for ynglande jerv, seier organisasjonssjef Gunnar Wentzel (biletet).

Rovviltnemnda var tysdag denne veka samla til møte på Oppdal, der dei m.a. handsama utkast til forvaltningsplan for rovvilt i region 6. Forslaget frå nemnda går no ut på høyring med frist 15. desember for å kome med uttale.

Det har den siste tida kome mange innspel og krav, m.a. frå ordførarane, om at Trollheimen skal vere prioritert beiteområde for sau, noko Møre og Romsdal Bondelag har teke til orde for i mange år.

Organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnar Wentzel, var tilstade på rovviltmøtet på Sunndalsøra sist torsdag, og merka seg at fleire i møtet nemnte Bondelaget sitt mangeårige krav, og som no altså rovviltnemnda også går inn for.

I forkant av møtet i forrige veke sendte fylkesleiar og organisasjonssjef ut eit lesarinnlegg, som du kan lese her.

Les meir om saka i avisa DRIVA – klikk her

Av: Arild Erlien

CorePublish publiseringsløsning