Vi er tilfreds med at rovviltnemnda vil ta resten av Trollheimen ut av yngleområdet for jerv, slik Møre og Romsdal Bondelag har kravd etter at dette vart innført. Endringa har sterk støtte i kommunane og deira ordførarar, og hos stortingsrepresentantane. Områda med ynglande jerv må vere i dei indre og høgareliggjande fjellstroka midt i fylket opp mot nabofylka der det er naturlege byttedyr, slik nemnda no legg opp til.
Trollheimen bør vere klassifisert som prioritert beiteområde.
Geografisk differensiering må ta utgangspunkt i viktige samfunnsmål for arealbruken i eit område og rovdyra sine naturlege leveområde. Vi meiner det er svært uklokt å praktisere byrdefordelingsprinsippet på ein slik måte at ein spreier rovdyr og -yngling ut over store område, og til terreng med uoversiktleg topografi der det er svært vanskeleg å føre kontroll både med rovdyrbestand og beitedyr.
Møre og Romsdal bør ha ambisjon om også framover å vere eit aktivt husdyrfylke der beitebruk med husdyr i landskapet er prioritert arealbruk på inn- og utmark. Talet på sau har gått tilbake med 5.000 dyr dei siste 20 åra i fylket. Det bør vere eit mål å få opp att talet på sau på utmarksbeite igjen. Det er eit mål at kompetansen i beitebruk blir ført vidare. For småfe er dei beste beita i indre strok der det også er store rovdyrproblem.
Mål for forvaltninga – er ikkje oppfylt
Vi er tilfreds med at forvaltinga legg vekt på lokal medverknad og kontakt.
Planen bør slå fast at regulering av bestanden ned til bestandsmåla er forvaltninga sitt ansvar. Vidare at dei største tapa av husdyr skuldast jerv, og at bestanden av jerv og gaupe er vesentleg større enn bestandsmåla.
Planen bør som konklusjon på figur 2 og 3 slå fast at trass i politiske mål om å redusere rovdyrtap er tapa fordobla dei siste 20 åra. Vidare at trass i mål om å auke beitebruken går den tilbake. Statistikken viser gjennomsnittstal og ikkje faktisk belastning for utsette buskaper. Når denne negative utviklinga har skjedd trass i at Rovviltnemnda har vist handlekraft på ei rekkje områder viser det behov for sterkare tiltak.
Gaupe: Nordmøre har mål om 2 ynglande gaupe sør til Sunndalen – Sunndalsfjorden. Rovviltnemnda går for at det skal vere lite jakt på gaupe i kvotejakt- området for å byggje opp bestanden. Vi meiner det er prinsipielt ønskjeleg at det er høve til jakt slik at kvoten burde vere på minst ein gaupe, slik Rovviltnemnda no har vedteke for 2011.
Tapsreduserande tiltak – må sameine beitebruk og førebygging
Vi er skeptisk til at bruk av rovdyrsikre gjerde og voktarhund som førebyggjande tiltak.
Vi trur radiobjeller er kostbart og med avgrensa effekt under våre topografiske forhold.
Førebyggjande tiltak som ser ut til å ha ein viss effekt er :
- Utvida eller ekstraordinært tilsyn kombinert med andre tiltak.
- Tidleg sanking mot beitevederlag når omfattande skade oppstår. Men dette er eit alvorleg inngrep i beitebruksretten i og med at det fordrar sanking av all sau i området.
- Etablering av ekstra haustbeite i gardsnære område eller seter-/sommarfjøsregionen. Kostnadene må belastast førebyggjande rovdyrtiltak. Det er ei utfordring å halde slike område i hevd gjennom heile vekstsesongen.
Andre økonomiske virkemiddel – avtalemidlar har andre primære mål
Avsnittet bør bli omformulert til at BU-midlar, Regionale miljøprogram og spesielle miljøtiltak i landbruket er avtalemidlar som skal nyttast til inntektsgjevande tiltak for bønder og isolert ikkje som rovdyrtiltak. Likevel kan det ha effekt å samordne visse tiltak.
Vi er tilfreds med at Rovviltnemnda har:
Leiar i Rovviltutvalet som opptrer offentleg med forståing og respekt for næringa.
Innført kompensasjon for tips om yngling av jerv.
Pressemelding med fokus på innsats i lisensjakta på jerv på Møre i vinter.
Gir godtgjørelse til personell som bidrar i skadefellingsforsøk i regi av fellingslag.
”Rovviltnemnda vil arbeide for ” - forventning om politisk styring og resultat
Vi er tilfreds med at nemnda over år har nytta ei slik politisk tiltaksliste, og meiner det viser mål og skaper forventning om aktiv politisk styring og resultat hos forvaltninga.
Vi vil her spesielt peike på desse tiltaka:
Delegering av mynde til lisensfelling av bjørn i område utan mål om yngling.
Bestandsovervaking av kongeørn og havørn og låg terskel for skadefelling i beiteområde.
Tiltak for å gjere lisensfelling av jerv meir effektiv, slik også nemnda har starta på, og oppfølging med skadefelling av restkvote og evt hiuttak.
Elektronisk overvaking og bruk av køyretøy til jervbås, og starte lisensfellinga frå 1. sept.
Andre tiltak forvaltninga må ha fokus på
- Det må bli stilt strenge krav om dagleg jakt ved bruk av åte slik at det ikkje fører til framfôring av rovdyr. Dette har FMLA på Møre peika på også i media.
Forvaltninga må i tillegg til Trollheimen ha spesielt fokus og prioritere beitebruk framfor (ynglande) rovdyr i husdyrtette område og i område med vekt på levande kulturlandskap. Det gjelder slike beiteområde som t.d. i Sunndal, Vistdalsfjella, Ulvådalen, Vermedalen,Valldal, m.v. Rovdyra spreier seg vestover til nye dyretette og folkerike område og der det er enno vanskelegare å halde kontroll med bestanden enn i høgfjellet.
Forvaltninga bør på sikt skje lokalt og fylkesvis innan vedtekne bestandsmål
Vår prinsipielle vurdering er framleis at store regionale rovdyrregionar er unødig kostbart og byråkratisk og kompliserande i forhold til den fylkesvise forvaltinga som var før. Rovdyrbestanden i Møre og Romsdal har lite felles med dei konstante forvaltningsmessige utfordringar basert på nabolandet sin rovdyrpolitikk.

